Fyrverkeri, vin, sukkerspinn og morgonstund.
Gratulerer med overstått til Noreg osvosv! Denne veka har eg omtrent ikkje vore heime i det heile, for eg har utnytta all tid til:
♣ Oppdatert meg på liva til fine folk eg har kjent i snart ti år
♣ Drukke vin, inne og ute
♣ Jobba frå det var lyst om dagen til det blei lyst om morgonen på ny
♣ Vore super-tante
♣ Fått frukost på senga
♣ Hatt siste skuledag (aldri meir matte)
♣ Feira nasjonal-dagen med familie, venner og fyrverkeri
♣ Blitt fronta hos fine Kari i eit bloggportrett
♣ Ikkje komt opp i eksamen mot alle odds
♣ Drøkke smoothie til frukost
♣ Ete sukkerspinn og popcorn
♣ Ledd i ein karusell med mini-broren
♣ Ete herlig sushi ute med jentene
♣ Fått god respons på på dette innlegget; de vil få Aussie-postar!
♣ Såve til klokka var to om ettermiddagen
♣ Lagt meg klokka ni om morgonen
♣ Hatt det ganske himla fint
Forhåpentligvis vil eg ha litt meir tid til overs for bloggen framover, då eg ikkje har meir skulearbeid å bekymre meg over! Så reiser eg óg til London på søndag, og eg gler meir som ein gal!
- Kva har du gjort denne veka? ![]()
This week I've been so busy, and the good things have just kept on coming!































































































