Frå skrekkfilm til virkelighet.

Har du noken gong komt opp i en situasjon der du skulle tru det heile va ei scene henta frå ein skrekkfilm? Der du allerhelst berre vil vokne opp, og tru at ingenting skjer? Vel sånn hadde eg det i går på jobb. Og tru meg. Eg ville spy!

Det heile starta med at en mann kom inn på butikken, ikkje legg eg merke til ka som feila han før han kjem fram til kassa og skal betale. Henda hass var dekkt av blod, og du såg tommheta i blikket hass. "Eg har ikkje drept noken, so du må for all del ikkje ringe politiet!" Er det einaste eg får med meg av det lille han seier. Eg berre kjende håra på kroppen reise seg. Ka skal eg svare til noke sånnt? Koffår må han konstantere ditta til meg? Klart eg blir særs skeptisk, men det ekje det fyste som slår meg. "Han der må ha drept noken, for han har blod på henda og kjøpe Pepsi Max!". Men det var det tomme blikket.

Han ga seg ikkje. Han hadde IKKJE drept noken. Han hadde berre kjaurt på en hjort. Ja det var det det var. En hjort! Eg ser ut vindauget. Bilen var då ikkje smadra i det heile tatt? No kjenne eg at eg blir nervøs medan han står og ser på meg. Spørrane. Lengtande. Heldigvis kom det ein kunde til og han gjekk.

Men det skal bli værre. Av det eg kunne sjå var det berre henda som var fulle av blod. Framfor kiosken der i mot. Der låg dei ei anna historie. Bokstavleg talt. Golvet var dekt med blod. Blodige fotspor. Eg kjende magen min snudde seg. Kan virkelig en liten hjort gje frå seg so mykje? Det lukta ikkje gjort. Dessuten synst eg helde det va spessielt tilfeldig at han hadde en stor kvit varebil, kor han "ikkje hadde gjømt liket, som han nettopp hadde drept".
Eg får berre vente og sjå. Vente på ei stor sak i lokalavisa før eg veit det sikkert om han fortalte sannheta. I mellomtida måtte eg nøye meg med og vaske opp etter dritten.

bloodonhospitalfloorlong
signaturen

Ingen ord

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten