HAPPY (little) NEW YEAR!

Hola! Estoy en Stavanger con mis amigas de Gran Canaria! Eg er i Stavanger med Gran Canaria venninnene mine, og vi har det supert. Minner vert gjenopptatt og mimring er hovedtingen å drive med. Sjøl om det ikkje er særs lenge sida vi har vore samla, er det ekstremt lenge sida vi alle var samla samtidig. Vi har shoppa, ledd, stressa med tog, vert på middag, kost oss på returanta og jakta på det perfekte cocktail-glasset. Alikavel er det umogleg å "flykte" frå Sandane. Kjente ansikt dukke opp alle stadar.. Kven skulle trudd det?

No ligg vi samla på golvet og ser i ei god scrapbook laga av Anette. Ho er flink! Vi har nettopp søtte på kjøkenbordet og ledd over gamle minner med ubekvemme møter med det spanske politi. Vi har plana om å legge oss tidlig, ettersom vi må opp i 7-8 tida for å handle mat til kvelden. Det vert cocktail party for GC bertene. Merke vi er begynt å bli større. Ikkje dei same små jentene på 12 år no lengre nei. Det er ikkje slik at vi skyr alle som drikk lenger, og vi tenker litt meir over kva vi har på oss.. Det er ikkje slik at det mest fargerike med mest mønster passe seg like godt lenger. Og det forstår seg.

Vi er trøtte men glade, og trur vi kjem til å få ein særs fin kveld. Kameraet dusje oss med blitz-regn, men eg har ikkje hatt tid til å legge dei inn på pc'n endå, so bilde vil komme seinare. Vi planlegge "fotoshoot" i fruktavdelinga på Kiwi i morga tidlig. Ikkje det at eg trur det kjem til å skje noke.. Men vi lika å drømme om det.
Kos dykk vidare på lille nyttråsafta!

signaturen

Ingen ord

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten