Idyll. Ein roleg følelse.

Eg har stressa i heile dag. Lest marknadsføring for harde livet. Det har vore prøve på prøve, på prøve, på prøve. Men endeleg fekk eg ro. I nokon minutt. det var rett og slett herleg. Berre kunne sitte å sjå ut vindauget. Det er vinter, det er kaldt. Det er særs vakkert. Endå meir roleg vart det av å høyre på ein sang samtidig. Det toppa det heile, og verda forsvann.

dsc04718

Eg håper på eit av desse augeblikka i morgo og. Då eg slepp å tenke på økonomiprøva, og det faktum at eg skal på jobb. Når eg allerhelst skulle lagt meg og såve lenge. Det går ikkje. Det er ikkje slik livet fungerar. Men vi får klare oss. Det er slike augeblikk som gjer det verdt å leve.



signaturen


Ingen ord

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten