Blåbærsylte er fyfy.

Grunnen til at eg fortel dinna historia var fordi eg fekk særs lyst på pannekaker med blåbærsyltetøy. Kvifor det ana eg ikkje. Men eg blei sjokkert over at eg faktisk ville ha det. Alle har noke som dei absolutt ikkje kan fordra. I mitt tilfelle var det nettopp dinna kombinasjonen, men kurert er eg no. Korleis anar eg helder ikkje.

Det hadde seg so at når eg var i 3-4 års alderen hadde vore ute å leika særs mykje. Det endte med at eg vart ganske so trøtt. Ikkje huska eg ka eg hadde gjort, eller om eg hadde stått opp klokka 6 om morningen som vanleg. Ja eg pleide å gjere det. Stå opp tideleg og sitte å vente på at barne-tv skulle starte. Kun i helgane då so klart. Eg pleide og alltid og liste meg inn til mamma og pappa; "Duuu.. Kan eg få is?"  So trøtte som dei var sa dei alltid ja og. MEN! POenget var at eg var veldig trøtt denne dagen, og nettopp denne dagen skulle vi på besøk. Noke som måtte avlysast.

Før vi skulle på dette besøket måtte vi ete middag. Det var ikkje eit middagsbesøk vi skulle i, å nei, kun et besøk, eller bursdag. Uansett så var det herlige pannekaker med blåbærsyltetøy vi skulle ha. Noke som mamma kan angre på. Trøtt som eg var sovna eg med ansiktet rett ned i pannekaka, og blåbærsyltetøyet vart klint ut over heile ansiktet. Mamma må ha vore i telefonen, for der vart eg liggande ei stund før eg vakna, og jada. Trur du ikkje blåfargen hadde søtte seg? Og vi alle som har vore ute i lyngen veit kor dinna fargen sitte fast, når den fyst har søtte seg. Fortvila vart eg som våkna med eit sjokk og ikkje fekk puste, iallefall ikkje anna enn blåbær os. Mamma måtte ringe snarast å sei vi ikkje kunne komme, fordi eg var blitt blå i ansiktet og var redd som søren. Kan du tru det?

blbr

Har du et barndomsminne som får deg til å avsky en type mat?
Som f.eks spaghetti som var særs morro å vaske håret med?


signaturen

3 ord

Piiito

11.feb.2009 kl.01:03

Hahaha! Klaustrofobisk!

Dean

11.feb.2009 kl.23:46

Tjaa. Fekk det for meg at krafta til mr.lee nudla smaka piss og orka ikkje ete nudla med kraft på 5-6 år. :)

Amalie

14.feb.2009 kl.12:22

Hahahaaa..eg elska denne historia, du veit!

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten