Vårreingjering.

All skiten skal vekk. Eg trur vårreingjeringa kan være symbolsk og. I og med at vårreingjering er noko ein skal foreta når det nye året er starta. Vekk med det gamle, fram med det nye. I mitt tilfelle var det vekk med gammalt støv, og klede som låg på golvet.

Det er ganske herleg med vår. Det vert mildt ute og du slepp dra på deg vanntette og kuldetette(varme?) sko. Du kan gå med tøy sko! Ikkje treng du nødvendigvis bruke den tjukkaste kåpa du eig helde. Du kan gå "lettkledd". Det er herleg.

Dagane vert lysare og du veit det er vår når du sit å ser på tv, og sola skin inn. Idyll tenkjer du. Vask tenkjer eg. Sola drar fram alt støvet som ikkje har vist seg dei siste månedane i mørketida. Det ligg som ein duk. Det er rett og slett fælt. Ditta må gjerast noko med!

Medan eg rusla rundt her og der med min fantastiske støvkost fant eg skattar. Eg fant ein fiskar. Han var grå. Her måtte eg ta i bruk vatn og klut. Han vart fin. Nesten som ny, som då eg so fint var 6-7 år og skulle kjøpe gebuss(bursdags)gåve til pappa. Han fekk ein menn i tre. Han var fiskar. Eg hugsar eg ville kjøpe nettopp denne fordi den minte meg om pappa der han sto med pipa i munnen, barten veldandert og fiskestanga i handa. Ikkje det at pappa hadde bart då(Den fjerna han når eg var endå mindre, nettopp fordi majonesen alltid satt seg fast). Men pipa. Å eg hugsar det som det var i går. Vi var i Danmark og pappaen min skulle være tøff mann å begynne og røyke pipe. Han prøvde ein gong, sidan låg den til utstilling i eit skåp ovanfor kjøleskåpet.

cimg0634

Vidare fant eg andre skattar. Skattar eg ikkje har lagt merke til på ei god stund. Det var skattar frå Albania. Fine skrin var det. Dei var og grå. En skulle tru dei var fleire tiltals gamle, noko eg trur dei er og. Dei er fantastiske skattar min pappa fant(kjøpte?) medan han jobba i Albania når eg var veldig lita. Eg trur dei høyrde til ein konge. Det var det eg likte å tru. At han fant dei på ei utgraving i Albania, under et palass! Kven veit?

cimg0639

Kva finn du når du driv med vårreingjering hos deg?
Har du gjenstandar som betyr noko frå barndomen din?
Kva gjer du ein torsdagskveld?


28008351235941249275n400

Ingen ord

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten