Press = stress.

Etter x antal timar øving, gjennomgåing, planlegging og koregrafering føler eg at dansen til UKM sitter heilt OK! I dag var det lyd og lysprøve, for å få alt til å passe. Eg føler meg som ein flodhest som trampar over scena, men vi lar det gå. Det heile er særs frymsk!

Uten om det føler eg tida forsvinn. Nett som snøen gjer. Det er ein kost og hektisk periode. Og i det siste har eg ikkje komt over det eg føler eg burde. Rommet mitt ser ut som ein klesbutikk som har blitt angrepe av terroristar. Det matchar hovudet mitt, kor alt går i spinn, og gjer inga meinig. Korleis skal en rekke over alt?

Eg følte ikkje for å rydde rommet i dag, difor la eg meg berre på senga med ein god film og ei klase med druer. Kjekt vart det når eg merka druene har gjett frå seg farge i senga. Det ser ut som eg har sølt raudvin der (Er vel ikkje den einaste plassen det ser slik ut på Sandane?). Men nei. Her er vi sunne og eter druer framfor å drikke alkohol! Og dette er takka. Endå meir å skulle bale med, nettopp fordi eg ikkje trur flekkane kjem til å gå vekk av seg sjøl.

So då sit eg her passeleg frustrert, og veit ikkje heilt kor eg skal begynne. Skal eg ta til på IT innleveringa? Lese til historieprøva? Gjere marknadsføring innleveringa? Tolke norsk-novella? Øve meir til UKM? Rydde rommet? Eg satsar på ingen av dei. Eg orkar ikkje begynne på ein skit før i måra, etter UKM. Etter å ha rydda rommet. Eg gler meg til å rydde rommet. Til å få fram alle mine "skattar", og få på plass dei nye Forever21 plagga mine! Til tross for press og stress, er livet herleg!

28008351235941249275n400

2 ord

MADELEINE

20.mar.2009 kl.10:56

sv: åh, så herlig da :D

Stine

20.mar.2009 kl.14:36

Ditta va som eg skulle sagt det sjøl:P e ALT for mykje å gjere no for tida, døgnet kunne lett hatt 98.5 time for min del! Lykke til på UKM! Å sia eg lika so godt å pirke, so lure eg på korleis det e med ein " kost og hektisk periode."? :P

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten