Kvifor trur du at du berre kan ta på meg?

Etter ei long helg er det rart å måtte seie at eg gleder meg til å komme tilbake på skulen. Eg er lei av at gamle menn skal komme inn på butikken og tru dei har rett til å ta på meg. Ka faen er det for noke?! Uansett har der vore supre kundar innom óg! Noken vel kjekke kan du sei. Det er slik som gjer meg glad for å jobbe der. Kjem "alltid" nye folk innom, og ein veit aldri kven som kan komme neste! Fantastisk, fantastisk. Spesielt dei der. DEI der! Lat oss ta eit minutt stillheit og lat meg sikle i fred?

Uansett so har eg slete med å skulle konsentrere meg. Det er historieprøve på tysdag. Noko eg egentlig skulle hatt for to veke sidan, men grunna mangel på konsentrasjon då óg, fekk eg ikkje lest. So i dag skal eg ikkje gjere som sist. Eg skal ikkje ha besøk av Katarina og Amalie. Eg skal ikkje lage taco, og bake bolla. Eg skal ikkje legge meg halv 4 fordi vi "lese", og dei overnatter. Kjekt var det, men på eit ubeleielig tidspunkt.

cimg0694
cimg0695
cimg0702

Til tross for at mikrobølgeovnen var tilgrisa av smør som hadde hoppa litt hit og litt dit vart bollane kjempe gode. Grunnen trur eg er at vi brukar MJØLK i staden for MELK (som dykk har på østlandet). Er det ikkje herleg? No skal eg iallefall ta til med å prøve og lese. Vi ser korleis det går. Ønsk meg lykke til!

signaturen

Ingen ord

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten