Eg kunne aldri budd på hybel.

Alle har sine gode og dårlige dagar. I dag var min ein av dei dårlege. Kvifor? Mest fordi det er storm ute, og eg har long vei å gå til skulen. Men det var ikkje berre det. Jobb kjem i tillegg. Og det er alltid like kjekt å komme på jobb, utsleten etter skulen, og der står det to store tårn med varer som skal på plass. Ikkje nok med det so er kjølen øydelagt. Skal vi gjere det værre? Bestillingane stemme ikkje, og vaskehallen har sagt god natt! Aah. Det er slike dagar det er herleg å være åleine på stasjonen, medan sjefen er på sydentur i Maldivene. Akk. Eg misunnar dykk ikkje! For eg har eit fin fint kutt i fingeren min, etter at eg skulle skjære papp.

Betre blir det heile når ein kjem heim. Pappa er vekke i helga på kurs, og det er meg og mine kjære søsken som skal være der. Ei på 20 og ei på 2. Kven som rotar mest eller minst av dei, er eg usikker på. Men rotete er det uansett! Og so rastlaus som eg er, vel so må eg rydde. Ditta får meg til å tenke på at eg aldri kunne budd på hybel. Mest fordi eg er ganske sikker på at eg hadde havna hos noken som aldri gadd å ta oppvasken eller vaske stova etter fest. Eg innser eg alltid vil være den som ryddar og vaskar. Nokon som treng ei husmor eller ei fantastisk kone?

Men der igjen er det alltid kjempe deilig å kunne slenge seg ned i senga, og tenke. No er det bra nok. Feil. Det er fortsatt ikkje bra nok. Kvifor? Fordi eg ikkje rakk å vaske golva på jobben! So no vert det ei kjapp natts søv, før eg skal opp tidelig igjen i morga. For å vaske. Livet er herleg? Eller kva?

signaturen

Ét ord

Stine

09.mai.2009 kl.15:09

VI tar LETT imot ei husmor her! Har ei fra før, men ho berre bossa oss rundt.. vil helst ha ei som gjer alt sjøl, i stillhet ;) berre å gje en lyd om du har lyst på ei helg i bergen, å litt å vakse å rydde ;)

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten