Kommer pappa tilbake?

Hender det du tenker; kva er historia til dinna personen? Alle har ei historie. Alle har sine løyndomar (hemmeligheter). Eg vert nyskjerrig berre ved tanken. Kva har eigentlig mannen på gata opplevd? Eg tykjer det er facinerande, men samtidig er det litt trist. Kvifor, det veit eg ikkje.

Uansett, so møter eg monge spesielle mennesker på jobb. Den personen eg kom til å tanke på i dag var ein stakkars liten gutt. Kvifor? Det hadde seg sånn at han kom inn i butikken med pappaen sin. So går guten for å finne noke snop, og pappaen går ut. Den lille guten kjem bort til meg: Gikk pappa nå? Ja seier eg, for det gjorde han jo. So ser eg nokre tårer i augene på den stakkars lille guten. "Kommer han noen gang tilbake igjen?".

Eg veit ikkje kva denne lille guten har opplevd! Men at han i det heile trur at faren faktisk ikkje skal komme tilbake, får meg til å tru at det kan ha skjedd før. Eller so er det berre eg som overdramatiserar heile greia. Men den lille guten var ikkje så liten. Han var stor nok til å forstå at pappa berre skulle ut å fylle bensin. Han var óg stor nok til å finne fram ein Snickers-is i tilfelle pappaen kom tilbake, slik at han ikkje skulle gå igjen.

polorid

Trur du alle mennesker kjem til å døy med ei betydningsfull historie?
Har du so longt hatt ei bemerkelsesverdig historie?
Tenker du noken gongar slik som meg, eller er eg gal?


signaturen

2 ord

Lina K

03.jun.2009 kl.18:12

Fin blogg, og på nynorsk

Lina K

03.jun.2009 kl.18:13

Hm... Mesten hele kommentaren min forsvant. Men eg tenker hvertfall slik hele tiden, så hvis du er gal, så er nok eg det og.

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten