Why does it always rain on me?

I ditta tilfellet er det ikkje ein metafor. Det er ikkje slik at det hølljar ned med verken det eine eller det andre av psykiske ting. Og det trivast eg for so vidt med. Endå meir trivast eg med at eg har ein billett tur/retur London om litt mindre enn tre veker. Det skal bli herleg! Litt rart i og med at eg var der for 7 veker sidan, men det gjer meg ingen verdens ting! Einaste som no trekk veka mi ned er den vel-kjente "12-testen", noko eg ikkje ser fram til med eit stort smil. Men vi får sjå på det med eit positivt syn: det er tross alt berre 12 minutt!

Uten om ditta har vi hatt ei danse-økt litt utanom det vanlege i dag. Vi møtte opp og fekk beskjed om at vi skal ha ei forestilling (igjen) om ikkje mange vekene. Kvar? Det skal være ute. I sentrum. Blandt publikum. Difor har vi dansa midt i sentrum med hølljande regn på oss i heile kveld. Kjekt er det når nokon kjende går forbi og ikkje skjønnar kvifor vi står på rådhustrappa og tar hyppige piruettar. Men det er slik eg likar det. Litt uforståelig på ein måte. Det einaste var at vi skulle koregrafere mange forskjellige steg utan at vi veit kva musikk vi skal bruke. Det skal nemleg danselæraren min og ein annan komponere når vi er ferdige. Ditta kan bli spennande! Feel free to come watch!

Ikkje nok med det har eg kun ei prøve igjen for året (sett vekk i frå eksamen)! Og den vart heldigvis utsett! So no kan eg ta det heilt med ro i... ein dag til. Eg tar det eg kan få! Men det irriterar meg at vi skal sitte på skulen time inn og time ut, uten å eigentleg ha noko å gjere. "Vi må være forberedt om vi kjem opp i muntleg". Eg skal opp i skriftlig, den er neste veke. Kva treng eg å forberede meg på?! Nokon som er like rastlause som meg på sommarferie?

// Travis - Why does it always rain on me


dace
// foto: Lune-Atik

Ein ting er sikkert, og det er at eg ser fram til fleire timar med dans ute i regnet. Ganske herleg kan du sei. Ikkje minst ser eg fram til den dagen eg kan levere frå meg alle skulebøkene, og offisielt sei meg ferdig med 2. klasse på VGS. Endå eit skritt nærmare til noko eg ikkje veit ka blir endå.

Kva skal du etter vgs?

signaturen

4 ord

Hege Kristiansen

27.mai.2009 kl.02:55

Hei! Så gøy, når er du der, og med hvem? Skal dit selv, fra 1-15 juni :) Miss Selfridges er nabo med Topshop, har du ikke vært der? Det må du! Utrolig mye fint :) Du kan faktisk gå inn i Miss Selfridges fra Topshop i første etage. Borte ved godteriene der har de en åpning mellom de to butikkene.

Katarina

28.mai.2009 kl.16:26

"Jeg liker PUPP"Eg begyndte seriøst å grine når eg såg filmane i går. Herrejesus så morsomt! Må hugse å filme meir når vi skal tilbake no ;)

Vebjqrn

29.mai.2009 kl.17:26

Tja, kanskje eg klarar å få ut eit av det ja :-D

Line

30.mai.2009 kl.21:21

Jeg vet virkelig ikke hva jeg skal etter VGS! Det suger :)

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten