Det er eigentleg sumar.

Du veit det er sommar når alle klassekameratane er splitta og du sitt igjen på bygda åleine. Slik må ein tåle av å gå på ein skule der 70% av elevane er hybelbuera. Det er i grunn heilt greit. Hadde dei vore her hadde eg nødig søtte her, og dermed gjev det meg tid til alt eg skal gjere før helga er omme.

På denne lille tida eg har i helga skal eg finne fram pass og pund, ta på meg tutu-skjørt og halde forestilling i sentrum, pakke kofferten, jobbe i 14 timar samt reise til Bergen. Alt skulle vore pakka og klart i kveld, men rommet mitt er på ein merkelig måte blitt usedvanlig rotete. Eg veit sannelig ikkje kva som har hendt, men etter at tårnet med ca hundre dvd'ar fant vegen til golvet har eg gjett opp. Det er i grunn ganske irriterande. No er der ikkje noko system, og eg veit ikkje heilt kor eg skal begynne for å pakke ferdig.

Vi får ta det i små puljer. Eg veit kor passet ligg, eg har ein heilt ny koffert (som eg óg veit kor er). Tutu-skjørtet veit eg og kor er. Alt ligg der. I ei stor dynge på golvet på rommet mitt. Er ikkje sommarferie herlig vel? Med det får eg seie at eg veit å prioritere ettersom klokka er halv 12, og eg ikkje har gjort noko av det eg skulle. Kor forsvinn tida eigentlig?

Eg treng sårt hjelp til å planlegge, om ikkje anna utføre, alt eg skal gjere!
Nokon som vil være min nye assistent?

Ps! Husk konkurransen min som du kan finne her, eller her!

signaturen

Ét ord

Line

14.jun.2009 kl.00:41

Så deg danse i sentrum idag! Du var flink! :D

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten