Livets safter.

Det er hektisk om dagane, men samtidig litt eventyrfylt. Sidan sist gong har eg ikkje reist til Stavanger med typiske framkomstmiddel som tog eller fly. Eg hoppa på fyrste og beste lastebil. Vel og merke køyrt av ein sjofør ved navn Trond. Kjekt? Ja for all del! Ac/Dc og god gammal rock heile veien frå Bergen til Stavanger er kjekke saker! Edit: Han var ikkje ukjent av familien.

Samtidig har eg fått endå kjekkare telefonsamtalar som vekker meg frå morgonsøvnen som begynner so fint med: Du deltok i en konkurranse for å vinne en tur til Dubai for noen mnd siden ... Oppfølginga av denne setninga var ikkje like kjekk då den inneholdt; vil du skifte mobil abbonement? Nei.

I dag der i mot har det vore lite action i Bryne sentrum, om du ser vekk i frå turen på Fretex kor Mari fant ei oransj jakke, eg fant tre andre jakker og ei rutete gutte skjorte. Eg lika det! Eg er særs glad for at mi fine Anette jobbar der. Flink! Og det er nettopp hos denne vakre skapningen eg befinne meg. Anette.
 
47299631255142754299142723547763242620npola
// foto - Ingrid Nordahl

Kva gjer du om sommaren?

signaturen

2 ord

theresekristina

10.jul.2009 kl.01:17

Er i Bergeeen :)Kos deg!

Katarina

11.jul.2009 kl.00:00

Eg har ingen planar om det, og eg satsar alt eg hugleikar på at det går bra.

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten