Det skal godt gjerast.

Eg merkar eg blir stressa av å være tilbake på jobb. Mest fordi eg ikkje er forferdelig glad i den, men og fordi eg veit eg skal ta meg fri frå tid til annan, og det gjev meg dårlig samvittighet! På grunn av dette begynn det å svirre tankar i hovudet mitt:
- Skal eg ta meg fri som det passar meg, og gjere kollegane sure?
- Skal eg drite i planane og jobbe i staden, for å gjere dei eg har planane med sure?
- Skal eg slutte i jobben slik at eg får tid til planane, men ikkje har råd til dei?
Arg seier eg! Ein ting er sikkert, og det er at etter jul vil eg ikkje kunne jobbe like mykje som eg har gjort hittil, men då har eg ikkje pengar ut over året ettersom dei mest sannsynligvis forsvinn når eg skal feire nyttår på Gran Canaria.

Eg veit det ikkje er nokon andre sin feil enn meg sjølv at eg ikkje har spart penga. Det meste som er komt inn, har gått ut igjen. Siste mnd har eg brukt iallefall 20 000. På kva? Opplevelsar! Eg angrar ikkje, men det sug at pengar forsvinn so fort. Kanskje eg burde opprette ein (alt for standarisert) salgsblogg og bli kvitt litt av overdådigheten som tar opp skapplassen min? Du veit, dei ti-talls plagga som var impulskjøp som aldri vert brukt?

Eg aktar å ikkje tenke vidare på det faktum at eg kjem til å nå eit punkt der eg må ta ett av valga ovenfor. No skal eg lene meg tilbake i sofaen etter ein long dag på jobb, og det skal eg gjere med nye haust-katalogen frå H&M. Eg skal og være flink og IKKJE bestille noko. For det gjorde eg forrige veke.


// Kaizers Orchestra - Dieter Meyers inst. Som oppvarming til Malakoff i helga!

Kva gjer du når du har pengaproblema?

signaturen

9 ord

Katarina

20.jul.2009 kl.16:58

Dør innvendig. Ringer til mamma og seier at eg ikkje har pengar til ein kaffi i Oslo ein gong. Også fortel eg at eg skal på tur til Sverige, og då seier ho at ho skal overføre pengar :)) Sjølv om eg har gjeld opp til øra no, og lønninga eg får i August ikkje blir så stor likevel. Men så kom eg på at eg har 16000 i Nordea, og plutseleg såg dagane litt lysare ut.

theresekristina

20.jul.2009 kl.17:15

Eg òg dør innvendig. Ana ikkje ka eg skal gjer og korleis eg skal få det til, men det enda som regel med at eg plukka opp kvart einaste kronestykke eg finne, berre for at eg vertfall har NOKE.

Katarina

20.jul.2009 kl.17:17

Det skal vertfall ikkje vere enkelt! Men dei 16000 har eg eigentleg spart til vidare år - der eg kanskje kjem i pengekrise ein månad og treng litt ekstra. Derfor skal eg ikkje røre dei før eg absolutt MÅ. Så det blir nok matpakke på jobb, og vann frå springen dei neste tre vekene. HURRA!

theresekristina

20.jul.2009 kl.17:26

Aaw, det er kjipt! Ka rekninga blei på?Sv: Oi, det høyrtest spesielt ut :D

theresekristina

20.jul.2009 kl.17:31

Sv: Så rart. Betala du for året som kjem òg då? hihi, skjønna :D

theresekristina

20.jul.2009 kl.17:36

Sv: Ja, du burde snakke med dei.

tonjebenedicte

20.jul.2009 kl.23:00

Vil du hjelpe meg medog finne enn passende navn til verden søteste hund, gå inn på bloggen min og se :)

Katarina Rosø

21.jul.2009 kl.00:24

Då velg du no jaggu London i Oktober enn Frankrike etter jul! Det seier jo seg sjølv. Men dette er opp til deg - eg skal vertfall tilbake i Oktober i år, sidan det ikkje vart noko av forje gong. Ein kan ikkje få både i pose og i sekk!

Vebjqrn

21.jul.2009 kl.09:33

Så absolutt! Eg gler meg vilt ;-)

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten