Tida går, dagar vert år.

Eg merker eg har hatt hendene fulle i det siste. Det er alltid slik veka før haustferien. Då skal all innspurt på prøver og innleveringar gjerast. Og eg er endå ikkje komt i land. Bra start på ferien eller?

Sidan sist har eg jobba ekstravakter, øvd til danseforestilling, funne ut at eg skal danse solo i ei kyrkje(!?), vore veldig forkjøla, vore i begravelse, vore på prisutdeling, gått på raud løpar, sett idrettsgutane danse ein fantastisk dans, sendt ei venninde til London, sett Eva & the Heartmaker, samt Draup og Gisle Børge Styve Trio, køyrt bil, møtt ein nyfødt baby, krangla om sengeplass med søsken, ledd og felt ei tåre, møtt familie eg ikkje har sett på lenge, rett og slett berre levd.

Veka framover skal bli litt mindre hektisk, men aller fyrst skal eg til Bergen, for so å reise til Stavanger for å møte ei fin ei. Uheldigvis får eg ikkje heile ferien som ferie då eg må være pliktoppfyllande og jobbe i slutten. Men det er vel bra nok å få nesten ei heil veke ferie?

Dance,dance,dance
Dance,dance,dance
Dance,dance,dance
Dance,dance,dance
Dance,dance,dance
Dance,dance,dance
Dance,dance,dance
Dance,dance,dance
// Maximum B

- Kva skal du i ferien?

signaturen

2 ord

Anette

04.okt.2009 kl.11:56

I ferien ska eg jobbe, få besøk av en herlig jente og ligge under et teppe i fosterstilling og drømme om sommer!

Maja

05.okt.2009 kl.11:45

lese noen fine bøker, være med venner og gå ut og ta fine høstbilder mens jeg hører på fin musikk.

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten