Shine like a star, know who you are.

Sannelig stod eg på teorien, og eg er ett steg nærmare lappen! Og med teorien i boks var eg klar for ei herleg helg med fantastiske folk!

Vi har gjort alt mulig. Klatra på steinar, klatra i tre, leika i fjæra, spelt kort, vore på fjellet, utforska eit gammalt hus, søtte i ein bunkers, laga mat, ledd, løge på bakken og sett på stjernene i 2 timar, fyrt i peisen, sunge, ete bolla hos besta, skremt oss sjølve, køyrt bil, høyrt på musikk, lakka negla og bada i fjorden(!) Kort sagt kan vi sei at vi har hatt det kjekt.

Uheldigvis for meg har eg gløymt igjen ladaren til min pc der alle bileta frå turen ligg, so det må vente til eg på ein eller annan måte finn på noko lurt. Heldigvis for meg er eg ikkje blitt sjuk etter badinga på kvelden helder! Utruleg nok. Men sant skal seiast, det var særs kaldt. For ikkje å snakke om verdt det.

Tumblr_kro8tc5bsl1qzvmy7o1_500_large
20090108221825

4025869417_ee2e2cb437_large
// we heart it.    eg vil vil vil svømme i stjerner.

signaturen

5 ord

Amalie!

26.okt.2009 kl.00:09

eg òg vil svømme i stjerner:) det må vere uendeleg kult!

særs bra oppsummering!:D

Amalie!

26.okt.2009 kl.00:13

åååå, pc-laddaren.

hmm, de er verre(!)

når eg tenke meg om hugse eg at den låg borti hjørnet med spisebordet stortsett heile helga. men rart at den vart oversett når vi pakka og rydda og støvsuga!

Amalie!

26.okt.2009 kl.00:21

shit pomfrit! veit du om nokon som har lik pc som du?

Men "det löser sig". Alltid !

ja, de var fint å ligge der!

Katarina

26.okt.2009 kl.00:26

Ladaren som låg ved spisebordet var ladaren min! :/

Amalie!

02.nov.2009 kl.17:37

ja ikkje sant det var litt rart utan hjørnesofaen??Ö

men, den var steike god å sitte i, eg satt der nesten heile laordagen!

og eg veit, lissjebroren min var knallfin på det bilete. faktisk gjennom heile songen, han var kjempeflink!

og kjenne eg pappa rett, kjøpte han den billegaste varmepumpa :D

trass i at den var grusomt stygg...!

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten