Lyckë.

Akkurat no er eg i ekstase. Nyttårsferinga med dei søtaste søte er endeleg i boks. Tenk at vi har planlagt det sidan sjuvande klasse! Og no, berre seks år seinare er det ein realitet at denne gjengen (minus ho høge ekstremt pene Mari) skal samlast igjen på Gran Canaria, der vi for aller fyrste gong blei kjende med kverandre. Eg hugsar det som om det var i går at vi berre stod i skulegården og ikkje tørte å sei nokon ting til kverandre. Det var jo flaut. Men tenk at vi har holdt kontakten so lenge! Eg hugleikar dykk.

♣ Vi skal klatre i tre, vere rebellar å sitte på graset på Hjarteøya (ja! Tenk ei øy  forma som eit hjarte. Den var ei kjærleiksgåve frå ein til ei)
♣ Vi skal ete lyseblå is på Atlantico, medan vi ser på spansk dubba kino. 
♣ Vi skal ikkje domme oss ut på kinoen og tru vi er åleine der medan vi syng og klatrar på stolane.
♣ Vi skal ete vafler på Sjømannskyrkja og få kinamat levert på døra frå ein liten raud moped. 
♣ Vi skal gå på billig markedet i Arguineguin kun fordi vi eigentleg aldri gjorde det då vi budde der. 
♣ Vi skal leike i klatrestativet på skulen vår, og late som om vi er ellve igjen.
♣ Vi skal køyre med grøne bussar gjennom ørkenen, og vi skal danse med oksen Bonito. 
♣ Vi skal ta karsuellar til vi spyr og ri på Los Caideros oksane. 
♣ Vi skal finne katten vår som vart uteliggar etter at ho vart kidnappa. 
♣ Vi skal ligge på stranda under palmane å sjå på fyrverkeriet som ser ut som tusenvis av stjerner som dett ned på deg, og vi skal love kverandre at vi skal tilbake då vi er hundreogtre år, kun for å spele bingo!

155a18ad_large
// Kjelde Det er nettopp slik eg har opplevd kver einaste dag med desse menneska. Og det er nettopp slik eg ser for meg at veka med dei kjem til å bli. Om du ser vekk i frå drikka og sigarettane.

Eg gler meg!

- Kva gler du deg til?

signaturen

2 ord

Emilie Slangsvold

03.nov.2009 kl.11:05

Digget det bilde MAX!:D:O

Sacha

06.nov.2009 kl.14:59

Haha! For et herlig bilde!

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten