Jenta.

Ho trår varsomt rundt i butikken. Jenta med den kvite luggen og den svarte hua. Jenta med eit smilehål, og eit stort arr nett på samme stad som smilehålet. Berre på motsatt side.

Ho ser seg over skuldra for å forsikre seg om at der ikkje er nokon. Brukar evigheter på å bestemme seg for kva ho vil ha. Smågodt. Det må vel vere fint? Ho grip tak i skeia og plukkar ut godteriet ein etter ein, like varsomt som om ho skulle leggje ein fugleunge tilbake til redet sitt. Eg ser for meg at ho tenker smågodt er det beste i heile verden, og då må det behandlast pent. Ho smiler lurt. Kanskje skal ho heim å dele det med noken ho elskar? Ho sluttar å smile. Kanskje han eigentleg har forlatt ho? Kanskje dei brukte å plukke smågodt saman?

Ho trekker seg litt tilbake i usikkerheten. Ser like skør ut som ei gammal papirdukke. Det var nok smågodt for denne gongen. Denne gongen må ho ete det åleine. Ho ser sjenert vekk medan eg helser på ho. Kun nokre få ord unnslepper munnen hennar. "Hej. Tack så mycket. Hej dä". Jenta med det svenske språket. Jenta med sine eigne løyndomar.

Har du tenkt over alle historiene vi aldri skal få høyre om? Alle menneska vi møter med si eiga historie som vi aldri får ta del i? Kan ikkje du vere så snill å fortelle meg ei lita historie som gjer deg glad?

Ingen ord

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten