Bienvenue à Rouen!

Verda er surrealistisk, og det utenkelig å tenke på at eg var i kalde Noreg i går. Dessutan er det eit under at vi kom fram, ettersom det starta stor straik på flyplassen vi skulle til, og alle fly etter vår avgang vart kansellerte. Er visse fordelar med å ta fly klokka åtte om morgonen.

Her var det forresten relativt overskya idag. Faktisk så overskya at ein ikkje kunne sjå toppen av Eifeltårnet ein gong. Ellers er det faktisk mogleg å gå utanfor døra utan å fryse ihjel om ein ikkje hugsar jakke. Tjue grader forskjell er vel bra? Leiligheta vi bur i ligg forresten i toppen av ein gammal bygning frå 1700-talet, og trappene er døden. Men sjarmen er på topp!

I morgon skal vi utforske byen vi bur i, Rouen, medan dei vi bur hos er på skulen. Herleg med ferie vel? (For de som lurer, er Rouen byen Julia, frå filmen Julie & Julia, er i i begynnelsen). Vi skal kartlegge dei søtaste gate-kaféane, prøve å finne Starbucks og eventuelt finne hotell i Paris. De lurer sikkert på kven som er så dumme at dei reiser til Frankrike utan å bestille hotell på førehand, men det er slik det går når ein i hovedsak bur gratis.

Bileter mine kjem seinare når eg har fått surra meg til å ta noken, og i det heile fått lagt dei inn på pc'en. Men dei kjem. I mellomtida får de kose dykk med bileter av Rouen frå WeHeartIt. Eg skal og fortelle dykk kor fantastisk søt denne byen er! Men når ein har vore våken sidan klokka 05:00 idag tideleg, er søvn prioritering. God natt.

Rouen_large
4109491599_065e3bef52_large

Ingen ord

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten