Kyllingsalat med avokado.

Oppskrift om ein ynskjer ein rask og enkel middag ved hjelp av å bruke ting ein finn i kjøleskåpet. Ein fantastisk god kyllingsalat med ris vedsida. Det er sjølvsagt ei forutsetning at du tilfeldigvis har avokado og raudlauk i kjøleskåpet frå før av, og at du har ein snill pappa som kjøper ferdiggrilla kylling.

INGREDIENSAR: (ca 2-3 porsjonar)
1 stk grilla kylling (du kan bruke kyllingfillet om du vil)
1 isbergsalat (eller andre typer salatar om det er ønske om det)
1 stk moden avokado (eller to om de er veldig glad i det)
1/2 raudlauk
3 dl ris
Soya-saus (eg bruker Kikkoman)

FRAMGONGSMÅTE:
Skjær salaten opp og ha den i ein bolle. Del deretter avokadoen i to og fjern steinen. Ta ei spiseskei og fjern skalet. Skjær avokadoen i bitar (du veljer størrelsen) og ha desse opp i salaten. Skrell raudlauken og skjær den i tynne små skiver og ha desse opp i salatblandinga. Risen kokast og has i ei eiga skål. Fordel kyllingen og ha den på eit fat.
Så er det berre å forsyne seg så mykje ein vil av det ein vil ha. Om ein vil kan ein og ha pinjekjerner i salaten. soya-saus brukast med måte.



// Privat

4 ord

MatBit

11.mar.2010 kl.18:39

Mmmm, det hørtes godt ut! Avokado er jo ganske godt - og ikke minst ekstremt mettende! Visste du at pannekaker med avokado og rødløk er dritgodt?? Fact!! :)

Katarina Rosø

12.mar.2010 kl.01:14

Serr, spiste kyllingsalat i dag eg og!

MatBit

12.mar.2010 kl.11:45

SV: Heheh, da bør du absolutt prøve det :D Det er knallgodt! Mange bruker feks reker som hovedingrediens, men jeg tror det funker bra med litt spicy kylling eller noe også! Peppre litt grovkornet på toppen og bare mmmMMMMM!

whooah - Line

12.mar.2010 kl.15:44

SÅ godt ut :)

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten