Ålesund dag ein og to.

Sidan det har vore så hektisk dei siste dagane, fant vi ut at vi skulle komme oss vekk, kun vi to, for ei helg. Valget vart Ålesund, ikkje veit eg kvifor, men fint var det.

Dag éin:

Vi hadde fantastisk utsikt frå hotellrommet vårt. I tillegg hadde vi glastak så vi kunne ligge å sjå på stjernene på kvelden, berre synd det kom skyer!




Vi gjekk i Ålesunds gater å diskuterte kor fine nokre av bygningane var, så fantaserte vi om vår eiga toppleilighet i eit av desse. Han her leikte og supermann med ei hette som ikkje ville ligge skikkelig! Sei hei til Bent ♥


Vi gjekk på kinaresturant og kjøpte to forskjellige typar med kylling, etterpå satte vi oss på brygga å såg på askeskyene komme nærmare og nærmare, før vi bestemte oss for å gå tilbake på hotellet og sjå ein film på senga.

Dag to:







Vi besøkte akvariet og såg på fargerike fisk. Eg vart sjølvsagt litt skuffa over at der ikkje var leopardmønstra steinbitar, slik som informasjonen viste.




Høgdepunktet med akvariet var pingvinane utan tvil. Desverre er det ikkje slik som i Bergen der ein kan sjå dei meda dei er under vatn, men eg blei fort glad igjen då min pingvin kom med ein stein, nettopp fordi det er slik pingvinar gjer.

Seinare på dagen reise vi på handletur. Sidan eg hadde hol i skoen tok han meg med til ein gigantisk skobutikk i stadenfor å ete mat sjølv om han var svolten, og vi fann begge iallefall eit eller to par kvar. Når vi var ferdige reise vi tilbake på hotellet og la saman alle kviteringane og fann ut ein utrulig høg sum. Sidan vi allereie hadde brukt så mykje pengar fann vi ut at vi skulle bruke litt til, så vi reise til Big Horn Steak House og åt verdas beste biffar. For ei herleg helg!

Ingen ord

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten