Kjærleik på skjerm.

Etter dag inn og dag ut med å ikkje orke nokonting som helst fordi eg er sjuk, og alle Sex og Singelliv episodane er sett typ 2-3 gongar, har eg sett ein del fine filmar. Sjå dei de óg, dersom de ynskjer å sjå fine filmar som handlar om kjærleik!


// The Black Balloon handlar om kjærleik, familie, mobbing og autisme. Eg blir både glad og sint kver gong eg ser den, og eg ler og grin om kverandre. Filmen tar opp eit alvorleg tema på ein ny måte, og gu den er herleg!


// My Sister's Keeper handlar om ei jente med kreft som har ei syster som er spesielt designa for å gje ho kroppsdelar slik at ho skal overleve. Filmen handlar om å settje familien på prøve, vennskap og kjærleik. Det er utruleg å sjå kva ein familie faktisk kan/må gå igjennom, og den er rørande på fleire måtar. Kva skjer då to kreftsjuke vert forelska? Kva skjer då familiemedlem saksøker sine eigne familiemedlem? Og kva skjer då ein berre er elleve år, og står med di eiga systers liv i henda? Sjå den, plisplisplis?


// The Time Traveler's Wife handlar om tidsreiser, jenter med gylne krøllar og kjærleik på så mange forskjellige måtar. Henry har "gåva" til å reise i tid, uten å kunne kontrollere det sjølv, og det har hatt nokon positive og negative konsekvensar. Eg veit den høyres teit ut, men den er ikkje det!

- Har du ein film å annbefale meg?

Ét ord

Amalie!

23.mai.2010 kl.17:07

eg vil sjå dei filmane!!:)

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten