The last day.

Du veit det berre er ein dag igjen, men denne dagen er så alt for lang. For ikkje å snakke om stressande. Det er tid for årets siste skriftelege eksamen, og allerhelst vil ein berre ligge på eit teppa i skuggen å spele kort og ete jordbær. Eller berre køyre ein tur med beina ut vindauget.

Årets siste skritflege eksamen er i marknadsføring, vel og greit det, men eg skulle ynskje den blei meir lik min siste norsk eksamen. Kva er vel betre enn å få ein eksamen der ein skulle skrive essay om kjærleik? Eg skreiv fire sider, men har fortsatt mykje å by på! I morgon derimot får vi om daglegvarebransjen i Noreg, og eg må settje meg inn i organiseringa av bedriftene, etikken, personalledelsen, distribusjonsstrategiar og marknadsundersøkelsar. Hurra!

Korleis kan ein forventa at ein forelska student skal ha motivasjon nok til å sittja inne ein heil dag, når himmelen ute er skyfri og sola steiker. Dessutan er kjærasten sjukmeldt, så han er heime. Freistingar! Dessutan kan eg omtrent ikkje vente til skulen er ferdig! Om tre veker befinn eg meg i eit eller anna land i Europa. Lykke!

Mjhdh6yntcb5qx7llwu1
Tumblr_l15638palv1qzyq1t_large
// WeHeartIt (Som eigentleg ikkje er noko kjelde)

- Er du ferdig med eksamen?

Ingen ord

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten