Praha, dag for dag.

Det var ingen bilete av sjølve togturen til Praha, men vips, så var vi der. Dette etter ein god del timar med prating og fjasing, og litt himling med auga frå dei ifrå Canada, som trudde vi følgte etter dei. Han eine var forresten kjempe hyggelig i begynnelsen, men så blei han berre sint kvar gong han møtte på oss. Dumming.

Dag éin:




Etter at taxien svindla oss for ca hundre kroner, kom vi fram til hostellet, som forresten var kjempe fint, men som eg sjølvsagt ikkje tok bilete av, annbefalte han som hadde ansvar for huset ein pub som skulle ha kjempegod mat. Og ja! Ikkje berre hadde dei god mat, men der var super kosleg, og det hang luftballongar i taket, og pin-up damer på veggane. Dessuten betalte vi ca hundre kroner for eit heilt måltid beståande av biff og masse anna snadder! Billig! Der og då bestemte eg meg og for at hit, hit skal eg ta med han og fare på kjæraste-tur, og ete masse god mat.

Då vi gjekk tilbake på hostellet avtalte vi med Rico, Frank og ein til (hugsar-ikkje-kva-han-heiter) frå California (som vi delte rom med i Berlin) at vi skulle møtast ved ein øl-hage. Vi fann fram, og det var fotball på fotball på fotball. VM forfulgte oss, virkelig! Sidan vi jenter ikkje var så interesserte i fotball, fann vi ut at vi skulle gå inn til sentrum for å finne ein bar, men alt stengde elleve! Utanom ei kyrkje, som vi plutselig befant oss i. Ja det var nattklubb i kyrkja! So då har vi gjort det óg. Gutane gjekk, og politiet kom, så festen fekk ein brå slutt. Det var berre å gå heim, og då møtte vi, ja, dei to i frå Canada. Midt på gata i Praha.

Igjen, kameraet låg trygt i skåpet på hostellet, dummedummedumme meg.

Dag to:




Husa i Praha er fine som vanleg, og eg byrja kjenne meg igjen litt etter litt. Sist eg var i Praha var i totusenogsju på klassetur.

Til tross for kreative dører med haugevis av hovud, var ikkje alle like glade.





Veldedighet med ein kreativ vri, og vi seier ikkje nei! Om du var i Praha i sommar, gjorde du det samme?

Eg visste ikkje kasino kunne vere så fine.

Det var på sin plass å besøke kommunistmuseet.



Skulebøker hadde dei óg.

Og kamera, og koppar med kommunist stjerna på.


Der inne viste dei dokumentarar om kommunisme, ikkje på engelsk sjølvsagt.


Eg veit ikkje kvifor dei hadde denne type kunst der.





På den fine plassen ved klokka var det heilt umogleg å ta fine bilete ut mot plassen. VM forfulgte oss igjen, og det var rigga opp med enorme skjermar og svære fotballar. Ikkje sjarmerandes!



Vi gjekk difor ned i ein anna hovedgata, og plutseleg kjende eg meg igjen, igjen. Berre merkebutikkar. Her gjekk eg sist i totusenogsju etter at vi hadde vore på ein svær jødegravplass der gravsteinane berre låg i dungar fordi der ikkje var plass. Den fann vi ikkje igjen dinna gongen.



Men eg trur gravplassen låg ned i her ein stad.


Unnskuld for masse bilete av hus, men dei er så fine!

Og noke å stille ut.


Vi gjekk på tvers av heile Praha frå der vi budde, ned til brua. Visst de forresten at sementen dei brukte til å lage brua inneheld egg?


Her bestemte eg meg iallefall for at hit skulle han og eg på kjæraste-tur. Like borte var det og ei bilete utstilling over dyr i heile Europa, og kor ein fant mest av dei. Visste du at det dyret vi har mest av er isbjørn? Tydlegvis.

Vi nærma oss brua, men i mellomtida var vi innom eit tortur museeum, og såg på gamle måtar ein kunne torturere folk. Kamera var ikkje lov, men tru meg. Det såg ildt ut.


Om ein ser nøye på bilete, er det nokre svarte prikkar rundt hovudet på statua. Slik var det på alle statuene på brua, nettopp fordi det var fløge(fluer) som surra rundt! Eg kan tenke meg at dei ikkje har vore vaska på noken år.

Brua krydde av musikerar. I tillegg var der eit kor i frå Japan, som sang verdas finaste versjon av Let It Be. Frysningar!


Stine er fin som vanleg.


Her fantaserte eg om å kjøpe ei leilighet, og så såg eg for meg ungar springe rundt med hjul og kjeppar, slik som i gamle dager. Litt kardemommeby.


Vi gjekk aldri opp til slotten, sjølv om det er himla fint der! Om de vil kan eg finne nokre gamle (ikkje like fine) bileter frå då eg var der sist. Dessuten er det ein heilt fantastisk utsikt der, og ein kan sjå heile Praha, på ein gong!

Siste bilete tatt av Praha, før vi tok taxi tilbake til hostellet. Der fann vi nye folk i frå Amerika og Australia, og vi diskuterte forskjellane mellom dei og oss. I tillegg høyrde vi på norsk musikk, som ho i frå Amerika hadde på iPoden sin. Igjen, ingen bilete om kvelden. Skuffande.

4 ord

Stine

14.aug.2010 kl.14:16

Ser ut so du har hatt en kjekk tur!:) Mange fine bilde :) bruka du sånn fancypancy kamera, el e du generelt berre 100x filnkare enn meg å ta bilde? :P Tippa du hadde digga ungarn Eirin! Her og e masse fine hus:P Åso e d veldi billi me spa og massasje her (ska visstnok vere bra, men eg har ikkje somla meg til det enda ) Viss du tilfeldigvis fer forbi her en gang, kan du få sove på sofaen min, haha :)

Visontlátásrá!

Eirin Victoria

14.aug.2010 kl.14:29

Stine: Eg seier så absolutt ikkje nei til å krasje sofaen din! Blir du lenge i Ungarn? Isofall kjem eg på besøk so fort økonomien tillet det. No går derimot alle pengane til vidare studie.. Ish.

Du må kose deg supermasse!

Stine

15.aug.2010 kl.17:39

kor lenge eg blir, avhenge av en ting; eksamen. Her e vinn eller forsvinn prinsippe, men satsa på at d går fint. viss ikkje må eg berre ta et år oppatt, haha. d e visstnok ganske vanlig her.. Ser jo no at du har vert i Ungarn! Kan tippe en del peng på at dokke blei lurt i taxien? viss ikkje dokke har kjørt heile budapest rundt, ska dokke max ha betalt 700-2000Ft. Men for å svare på spm; blir her nok i 4-5 år :) eg bur i pécs då, 2-3 tima fra buda.når reise du t aaustralia?

Eirin Victoria

15.aug.2010 kl.19:44

Stine: Klart eg har vore i Ungarn! Besøke deg neste gong ;D

Eg husga ikkje heilt ka vi betalte, for eg hadde drokke litt, men det var ikkje masse! Blei ikkje lurte i Budapest, men i Praha.. Der va det litt tvilsomme taxiar..

Høyres fint ut! Du klare det sikkert! Noken må jo gjere det? Reise til Australia i februar elns.. Men om du blir der i 4-5 år, kjem eg nok på besøk :)

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten