Budapest, dag for dag.

Vi skulle eigentleg til Bratislava, men fekk ikkje kontakt med Hege, så vi reiste til Budapest i staden, og eg angrar ikkje i det heile!

Dag éin:




Vi lata igjen gardinene for at ingen andre skulle komme inn i kupeen. I tillegg okkuperte vi heile rommet med eit Europakart, som vi studerte for å finne ut kvar vi skulle.


Ute var det blomsterenger på blomsterenger. Eg satt å såg ut vindauget idet det kom ein mann inn og lurte på om vi hadde funne ein plass å såve i Budapest. Det hadde vi ikkje, så vi høyrte etter på kva han hadde å sei. Han hadde ein rekke hostell å annbefale, men så hadde han og noken hotell som kosta like mykje. Vi fann ut at hotell, det skulle vi bu på.

Då vi kjem fram til "hotellet" seier resepsjonisten at vi må dele senger med to engelskmenn, og eg trur eg skal dette i bakken. Språkforvirring var svaret, og han meinte vi skulle dele rom. Men vi hadde jo betalt for hotell? Heldigvis var dei engelske, Richard og George, kjempe hyggelige og turen hadde ikkje blitt det samme utan dei!


Det var ikkje berre eit hotell/hostell men eit leilighetskompleks. Fint var det iallefall!

Vi fann ut vi skulle finne oss noko mat, men fyrst skulle vi ta ut penger. Vi tenkte tusen kroner kanskje var litt lite (trettifem tusen ungarske pengar), men det viste seg at dette er eit land der alt er billigbilligbillig. Vi var der i tre dagar, og eg hadde problem med å bruke opp pengane. Nei så trist.

Då vi kom tilbake på hotellrommet, var engelskmenna komt, og vi fekk med oss dei til nærmaste pub, som igjen var nabobygningen. Der gjekk det i superbillig øl, vodka redbull, og bacardi breezers. Etter masse prat om all slags tull og tøys, fann vi ut at det var på tide å finne ein nattklubb. Vi kapra ein taxi, og sjåføren visste om ein bra klubb. Han ringde etter ein taxi til, sidan vi var så mange. Mada vi køyrer begynner eg å seie; Race, Race, Race! i baksetet, og før vi veit ordet av det, hadde vi bilrace med to taxiar midt i gatene i Budapest. Texisjåførane veldig entusiastiske og fulle av latter, brydde seg lite om raude lys, ein av dei skulle vinne!

Nattklubben var ok. Det var som om vi reiste tilbake i tid. Musikken va musikk vi høyrde på for monge år sidan, og vi hadde en fantastisk kveld med latter!

Tilbake på hotellet var vi fortsatt bra latterfulle og glade.


Hei, Richard.

Hei, George.







Det braut ut i putekrig mellom Katarina og Richard.




George fekk gjennomgå han óg.

Katarina kom til utsetning, og George vart redda.

Dag to:
Eg gløymde heilt å ta bilete resten av dagen, men tru det eller ei gjorde vi faktisk andre ting enn å berre drikke. Dinna dagen var det så innmari varmt, at vi søkte ly på shoppingsenteret, for å prøve å bruke opp noke av pengane. Etterpå la vi oss på graset utanfor. Herleg å berre ligge å sjå på den knallblå himmelen, med ein herleg bris over seg.

På kvelden derimot blei det drikking på nytt. Dinna gongen befant vi oss i gamlebyen. Vakkert var der! Eg trur nesten eg må reise tilbake ein gong, edru, med kameraet. Kvelden blei iallefall suksessfull. Vi gjorde alt frå å spele fotball med dei "innfødte" utanfor kyrkja, til å gje high five til alle i gata, mada vi satt på med ein sykkeltaxi. Då vi kom tilbake frå sykkelturen følte vi det ikkje var nok med ein tur, så vi fann ein ny sykkel. På denn eturen møtte vi ein annan mann på sykkel, som gav oss ei appelsin. Då vi kom tilbake var kvelden fortsatt ikkje over, og eg leika apport med honden til hippieparet som satt midt på plassen og spelte og sant. Eg har aldri leika apport med ein lime før.

Til tross for at det ikkje vart masse bilete frå Budapest, hadde vi nokre fantastiske dagar. Det var så absolutt verdt det.

3 ord

Vebjqrn

15.aug.2010 kl.16:55

Sant, lite slår kombinasjonen kvitvin og svaberg!

Amalie!

15.aug.2010 kl.16:58

herlighet..glad for at du blogga om ditta! og at du tek så fine bileter å forklarer alt mogleg. takk, eirin! eg lika interrail innlegga dine særs godt!

Lena

17.aug.2010 kl.15:48

Richard og George var hotte! :D

Elska innlegga dine!

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten