Facinasjon - j.

Dei kan vere slemme, snille, søte, sexy, deilige, stygge, onde, omtenksomme, gløymsomme, klønete og levande. Det er jenter vi snakka om. Ei "rase" som består av eit mangfald ein ikkje ein gong kan forestille seg. Vi er høge, lave, tynne, tjukke, formfulle, strekete, sterke, svake, atletiske, romantiske. Vi er rett og slett alt, og eg er virkelig facinert av dette mangfaldet av jenter. Det er virkelig noke for ein kvar å velje i.

Det er som ein seier; ein veit aldri kva som foregår i hovudet til ei jente. Og det er sant. Eg kan ikkje forestille meg alle tankane til alle jentene i heile verda. Eg veit dette gjeld menn og, men det er jentene eg vil fokusere på. Tilogmed eg som er jente sjølv, veit ikkje kva som foregår i hovudet til andre jenter. Men korleis skal det vere mogleg, når eg ofte ikkje veit kva som foregår i mitt eige hovud.

Jenter er slemme, og jenter er snille. Vi er vener, og fiendar. Det er utruleg korleis "verdas varmaste" kan oppføre seg mot andre. Eg er facinert over den makta jenter har til å kunne kontrollere kvarandre, og menn for den saks skuld. Vi har vel alle møtt ei jente som får deg til å gjere kva som helst? Ei som utfordrar deg. Eller jenta som får deg til å føle deg verdilaus, nettopp fordi ho stråler som ei sol, og ein tenker; eg er ikkje bra nok. Kvifor er ho så vakker? Til tross for at mange av oss er så innmari snille, er det utruleg korleis ei jente kan ha innverknad på einsjølv. Og igjen, ja eg veit dette gjeld menn óg.

Dette vart innmari klumsete skreve, men det er vel fordi eg rett og slett ikkje klarer å beskrive jenter, nettopp fordi (som eg tidelegare skreiv) mangfaldet er så stort! Men uansett, ein kunne ikkje levd utan.

Tumblr_l72iwd3o0y1qd8c0fo1_500_largeTumblr_l73oz7qdum1qabc4so1_500_large
Tumblr_l73kuzywep1qcurg1o1_500_large
Tumblr_l73motgerl1qzj5z1o1_500_large
Tumblr_l73ykooqqg1qbju4oo1_500_largeTumblr_l694pt6n0f1qb88fdo1_500_large
// WeHeartIt - som ikkje er kjelde, eg veit.

- Kva er du facinert av idag?

Ingen ord

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten