Roma, dag for dag.

Togturen varte ei heil natt, men det gjekk greit fordi vi delte kupé med to koslege menn frå Irland. Då vi kom fram var det berre å passe på alt av verdi, og faktisk finne ein stad å såve, fordi vi er nokre smarte jenter som ikkje ser etter hotell eller hostell før vi faktisk er i ein by ingen av oss har vore i. Heldigvis var der ein veldig hjelpsom mann, som peikte oss i riktig retning, og vi fann eit hotell som var ganske søtt. Berre synd heisen såg tvilsom ut, og det var sju trapper å gå, for å komme seg dit. Takk gud for at det var aircondition på rommet!

Dag ein:

TuristDottNo, igjen. Ein får i det minste sett masse av byen på ein slik buss, men det er umogleg å ta bra bilete. Det går fort, og det er alltid ei hand i vegen!





Igjen. Det er vanskeleg å ta bilete. Det er turistar overalt, eller så er det moderne greier overalt. Æsj.

Naturen var fin i det minste.


Turistfeller, på turistfeller.


Det var bryllaupfotografering i buskene, med Coloseum i bakgrunnen.





Vatikanstaden. Hurra!

Vi bestemte oss for å gå av bussen før vi døde av dehydrering og solbrendthet (det var ca tredve grader i skuggen, dvs ca seksti i sola) og gjekk på ein kosleg italiensk resturant, som hadde fantastisk god pasta carbonara. Kvitlauksbrød visste dei desverre ikkje kva var for noke.

vidare gjekk vi til hovedgata med alle merkebutikkane, og vidare opp til spansketrappa. Der orka eg rett og slett ikkje ta fram kameraet, og du måtte bokstavligtalt passe deg for at du ikkje blei trakka på. Det vrimla som ei maurtue.

Berre ein søt gammalmann i inngongen til hotellet.

På kvelden gjekk vi ut igjen for å ete enda meir.


Peace.

Servitøren.

Dag to:
Vi skulle eigentlig til badeland, men det blei ikkje noke av etter at to jenter rota seg inn på ein nattklubb, fekk litt for mange gratis drinkar, og såv til longt ute på dagen, mada eg venta og venta. Så det endte med at vi shoppa sko vi aldri kjem til å gå med, åt verdas beste cesar salat, og åt enda meir mat. På kvelden var det min tur til å bli med ut, og det endte med at vi fekk servitøren til å gje oss så mange gratis shottar som vi ville. Vi fyllte dansegolvet, og til og med servitørane og bartenderane blei med. Vi lata som om vi var stumme for å unngå å snakke med visse folk, og vi endra på kor vi var i frå omtrent kvart minutt. Bra kveld!

Dag tre:
Vi skulle til Paris for å møte to kompisar, og reise vidare til Büssel, men for å komme oss dit måtte vi reise frå Roma til Milano, for det var der nattoget gjekk ifrå. I tillegg skulle vi eigentleg møte Madeleine, men kommunikasjon svikta nok ein gong.

Vi hadde ca fem eller seks timar i Milano til å gjere kva vi ville. På den korte tida bevitna vi opptøyar i gata med bønder, traktorar og masse politi. I tillegg såg vi at ein taxi køyrde på nokre menn på ein scooter. Sist havna vi midt opp i ein situasjon med ein mann som hadde røyka hasj på doen på togstasjonen, og var mildt sagt forbanna fordi politiet skulle komme. Italia also.

I Milano reklamerar dei med nakne folk, med dyremasker. For kva, veit eg ikkje.


Alle toga var forsinka, og det var ikkje anna å gjere enn å vente. Alt var stengt, og der var ingen benkar.

Eg hadde sommarkjole frå Zara på meg.

Så mykje kjeda eg meg.

Vi kom oss tilslutt på toget, og skulle dele kupé med verdens merkeligaste mann, som ikkje virka for å like kvinner i det heile tatt,og det endte med at han "låste" meg inne i senga mi med noke tau som skal hindre ein i å dette ut, som eg hadde lagt vekk fordi eg ikkje ville føle meg innestengd. Takk for den. Om morgonen var vi plutselig i Paris.

4 ord

Amalie

15.aug.2010 kl.18:39

så fint det var der! eg og vil! sjølv om de må ha vore travelt i varmen!!

fin kjole<3

Amalie

15.aug.2010 kl.18:40

og,ja, det burde vi!

Eirin Victoria

15.aug.2010 kl.19:46

Amalie: Vi trudde vi skulle stryke med! Vi satt på toppen av bussen uten tak i 60 grader uten noke særlig drikke.. Ein svetta berre av å sitte der! Men men.. Vi overlevde jo, men takk gud for at vi hadde aircondition, for det hadde vi nemlig ikkje i Amsterdam :P

Maja

15.aug.2010 kl.23:55

åå, du har vært så mange fine steder!

/ jeg skal ha en litt stor fotoshoot i morgen, så da blir det ihvertfall testet ut :)

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten