Amsterdam, dag for dag.

Eg veit det står at vi var i Brüssel óg, og det var vi. Men berre ei natt. Då vi gjekk ut på kvelden trudde eg ikkje byen var noko fin i det heile, så eg lot kameraet mitt ligge igjen på hotellet. Området vi budde i var nemleg ekstremt pakistansk, og det var på kanten til at eg ikkje følte meg trygg ein gong, og difor la eg kameraet igjen. Men slik var det ikkje. Brüssel er kjempefint, gamlebyen iallefall, og dei har verdens kulaste pub der dei har verdens beste øl. Eple-øl. Nam! Eg skal helde reise tilbake ein gong, og ta bilete og vise dykk, for ja. Eg vil tilbake.

Dag éin:



Det er fine hus overalt i Europa jo, utanom i Noreg!


Desse fruene frå frelsesarmeen går rundt om i Red Light District for å gje dei prostituerte kaffi, mat og twist. Og så snakkar dei om korleis det går med dei og slikt. Fint.


........

For dei som likar det. Vaktene er forresten kjempe hyggelege,og han eine lata som om han var homofil for oss, og sa; om vi gikk på Ikea, hadde eg gått inn i eit skåp, berre for å komme ut av skåpet igjen.


Etter å ha sett litt av kva Amsterdam har å by på, gjekk vi til Kenny som lagar verdens beste donut. Banan med sjokolade på! Nam seier eg.

Dag to:
Til tross for at det var etthundreogtredve grader både inne og ute, måtte vi gå oss ein tur i gatene berre for å sjå. Soverommet vi hadde fått tildelt hadde tre etasje senger, og tre vinduger som ikkje kunne opnast. Difor vakna vi omtrent klokka åtte kvar morgon. Tortur!



Stil har dei og! Men eg forstod ikkje moten med hårrullar i håret. Eg trudde det var slik bestemødre gjorde. Bestemora mi gjer iallefall det.


TuristDottNo.

Dei har anna enn sex-butikkar der og! Tru det eller ei.



Fint fint fint.

Til tross for at det var kjempe mange fine syklar rundt om i Amsterdam, ville eg helde leigd meg ein scooter. Men man må visst ha motosykkel lappen. Æsj.


Tenk å bu i toppen av ei slik leilighet. Eg ville søtte i vindugskarmen og lese ei bok, og sett på folkehavet og ledd litt for meg sjølv. So skulle eg hatt verdas beste innekatt.



Stine var bekymra fordi ho ikkje kvar ho var, eller kvar Katarina var blitt av. Sannheten var at vi var ti min frå hotellet, og at Katarina spelte kinasjakk elns med ein engelsk lærar.


Overalt kor ein kjekk såg ein oransje menn. Ikkje rart med tanke på at dette var den dagen Nederland vant mot Brazil. VM igjen veit de.

Etter dette gjekk vi vel på sex-museet, men tru meg, der var ikkje så alt for masse å ta bilete av.






Nattlivet i Amsterdam er verkeleg noko for seg sjølv, og kan nesten ikkje beskrivast.

Dei to andre var late og låg på hotellrommet og såv.


Ein finn ekte kjærleik i Amsterdam og! Sjølv om ein er forelska utanfor dei prostituerte.

Seinare på kvelden kom resten av gjengen, og vi satte oss på ei kyrkjetrapp og tok tida på kundane til dei prostituerte. Ein må jo nesten vere litt nyskjerrig på kor lang tid dei brukar? Ho eine tok to-tre på ein halvtime! Heilt sant.

Dag tre:
Det var fortsatt kvelande hett både inne og ute, og Arne, Jan og eg bestemte oss for å gjere noke anna enn å traske rundt i sentrum heile dagen, og fann ut at vi skulle på zoo. Å så fint der var! Og bilete kjem i eit eige innlegg, mest fordi det var så himla masse å ta bilete av.


Ein kan sjå på himmelen at den byrja å bli litt mørkare, og heldigvis begynte det å regne etterkvart. Uheldigvis blei det skikkeleg klamt då det var ferdig å regne. Endå meir uheldigvis var at løvene ikkje gadd å vere ute i regnet.


Er det berre eg som hugsar han her frå barne-tv? Til venstre for meg stod det og ein pink-panter i heilfigur, som eg ikkje såg før vi var på veg heim, og det regna masse og vi var kjempe svoltne. Null bilete.

Vi var sjølvsagt lei av KFC, McDonalds og BurgerKing, så då gjekk Arne, Jan og eg på mexikans resturant i staden.


Mexikanera veit drikke.


Og Jan var kjempe glad, for å endeleg få mat.

Då vi kom tilbake til sentrum åt vi endå meir donut, og så gjekk vi til ein kiosk der all sjokoladen var smelta på grunn av heten. Eg trur heilt ærleg Amsterdam hadde vore betre om ein faktisk røyka, eller om det ikkje var så innmari varmt.

Ingen ord

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten