Facinasjon - K.

Du skjelv i heile kroppen. Kvar minste celle i kroppen din veit kva som skal til å skje. Pulsen din stig kraftig, og leppene dine formar seg automatisk. Heile verda ser teikna for det. De skal til å kysse.

Eit kyss, to kyss, tre kyss! Uansett kor monge ein får, gir, eller tar, ligg det spenning bak. Eg for min del hugsar vårt fyrste kyss. Kysset mellom han og eg. Det var vinter. Natta til julafta faktisk. Vi hadde vore ute heile vennegjengen, men han og eg hadde ikkje plana om å reise heim heilt endå. Dette var noko vi pleidde å gjere. Sei til dei andre at vi skulle heim, men så køyrde vi til staden vår i staden. Parkerte bilen og snakka i timesvis. Om alt og ingenting. Denne natta var inga unntak sjølv om eg skulle på jobb om morgonen, og det var tross alt julafta.

Det var ei kald natt, og motoren gjekk kun for at vi skulle halde varmen. Etterkvart blei det stille. Ein høyrde kun lyden av motoren. Eg visste kva som skulle skje, men visste ikkje om han gjorde det. "Kva tenkjer du på?" spurde eg mada eg la seteryggen ned og stirra i biltaket. Han svara "Ikkje noke spesielt. Kva tenkjer du på?" Eg kjenner pulsen stige, og det er nett som om eg ikkje får puste. Korleis skal eg klare å seie dette utan å besvime tenkte eg i det eg sa orda som endra livet mitt slikt som eg kjende det. "Vil du virkelig vite det? Eg tenkjer på kor mykje eg vil kysse deg." Det er stille, og no kjendes det virkelig ut som om eg ikkje fekk puste. "Du gjer det ja." kjem det stille frå han. Kva meinar han med det? "Det tenkjer eg og på" Og så er det stille igjen. "Eg trur ikkje eg har hatt så høg puls før" seier han, og smiler nervøst mot meg. "Vi får sjå om den blir endå høgare no".

Det var dei siste orda vi utveksla på monge minutt. Eit kyss med etterfulgt høg puls, førte til eit neste. Og nokre til. Kven skulle tru at det var så herleg å kysse? Eg er facinert av korleis eit kyss kan forandre heile kroppens funksjon. Ein kan gå i frå å vere lei seg til å bli verdens lykkeligaste. Frå å vere trøtt og sleten til å bli heilt roleg. Eg er facinert av kva eit kyss kan bety for forskjellige mennesker. I vårt tilfelle betydde kysset eit steg inn i eit fantastisk forhald. For andre kan eit kyss vere eit sårt augeblikk i fylla, eit siste kyss, eit vennleg kyss, eit meiningslaust kyss, eit trøste kyss eller eit kyss av ekte kjærleik.

Tumblr_l91pbvuqvk1qapm14o1_500_large
Tumblr_l90oddhmy51qawatao1_500_large
Tumblr_l90wvm3gny1qdg8w7o1_500_large
5001460563_bb61cfae17_z_large
// WeHeartIt.Dott.Com

- Kva er eit kyss for deg?
- Kan du plisplisplis fortelle meg om ditt fyrste/beste kyss?

2 ord

theresekristina

22.sep.2010 kl.18:49

Eirin, det trur eg er det finaste eg noken gang har lest!

Ida

23.sep.2010 kl.13:33

Utrulig fint! :)

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten