Avogtil må ein lengte.

Avogtil blir eg så innmari sint fordi eg ikkje er vaksen. Rett og slett fordi eg føler eg sitter fast, og eg gler meg så innmari til å kunne komme meg vidare, og ta det neste steget inn i livet. Akkurat no gler eg meg mest av alt til å finne mi eiga leilighet. Der skal eg bestemme alt sjølv, og vener skal vere fast inventar i sofaen/på golvet. Eg skal erklære onsdagar for cocktailkveld, nettopp fordi det er den dagen eg har hatt fast jobb dei siste tre åra. Aldri meir pølselukt på onsdagar!

Men slik er det ikkje. Akkurat no må eg rett og slett stå litt fast. Eg må fortsette å jobbe på den samme staden, tjene dei samme pengane, og spare dei samme pengane. Eg kan ikkje sløse pengar på vin, champagne og kjolar, for dei må gå til studie. Søren óg also!

Heldigvis, trur eg, så slepp eg å stå fast med å bu på samme staden. Eg har sagt det før, og blablabla, men eg er midt opp i flytting. Men det er ikkje mitt hus! Dette er ein stad eg skal bu i nokre få mdn før eg flytter til Australia, og pappa skal fortsette å bu der før han har bygd ferdig sitt eige hus. Skal sei dei forskjellige adressene eg har hatt hopar seg opp. Skal vi telle? eint, to, tre.... sju, åtte...  tolv. Hei, eg heiter Eirin Victoria og har budd tolv forskjellige stadar, i tre forskjellige land. Ærevære skilsmisseborn?

- Fortell meg kva du lengtar etter?

Ét ord

Dean

28.okt.2010 kl.14:58

Å vere ferdig med utdanninga, eksamenar og slikt. Få ein jobb eg elskar.

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten