Mardi Gras.

Sidan eg var på Surfcamp akkurat den helga då både Mardi Gras paraden og Rihanna konserten gjekk av stabelen, får de helde "kose" dykk med nokre bileter frå Fair Day, som var eit slags homomarked i forkant av parada.


Kampanjar for at alle skal vere for! Åh så fint!

Lucia var varmvarmvarm, men smilte like godt fordi om! Sei Hei, Lucia.

For spesielt interesserte, så kunne ein frivillig henge oppned og myste alle småpengar frå lommene.

Eller så kunne ein gå vidare og prøve å vinne ein gigantisk bamse som eg aldri hadde fått plass til tilbake til Noreg.

Vi måtte sjølvsagt prøve for å vinne ein pingvin, men utan lukke.

Så kunne ein gå vidare og finne spel! Ikkje "gloryholes". Dokke skitne grisar.

Blandt bodene kunne ein f.eks finne kunst der ein kunne sette samen yndlingsgatenamna. Og vidare kunne ein sjølvsagt finne hundedelikatessegodteriboder.

Fair day var i Victoria Park, som ligg rett nedanfor Universitetet. Og eg har virkelig ikkje sett ein fjerdedel av mennesker der før, av det som var der den dagen!

Blandt matbodene kunne ein finne masse snadder. Berre synd det var sånn trettifem grader i skyggen. Ein hadde aldri røkke å ete opp herligheten før alt smelta ut av hendene på ein.

Så då kunne ein helde gå ned mot Broadway og kjøpe is ifrå ein smule mistenkelig isbil. Om ein ville.

Vi valgte til slutt å søke ly i ein klesbutikk litt utanfor naken mannerumpe-hysteriet, og Marte likte seg foran vifta i prøverommet. Og slik var den dagen.

Eg lovar at eg skal bli finkare å poste bilete osv! Men i det siste har eg gjort så innmari masse. Som f.eks dagstur til Canberra, besøk i Zoo, snorkling, surfcamp, og hatt finfin sushikveld med jentene! Tenk at det allereie har gått ein månad sidan eg forlot Noreg!


I missed the Mardi Gras parade, but got a hint from Fair Day.

Ingen ord

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten