Å hoppe ut av eit fly.

Mange vil sei det er galskap å i det heile skulle utsetje seg for noko som det her. Eg meiner det stikk motsatte, men det kan ha noko med at ikkje var redd. For meg er det tusen andre ting som er meir skadeleg/dødelig enn å skulle kaste seg ut frå eit fly, og suse i fleirfaldige km/t rett mot bakken. Livet er til for å levast, so noko må ein vel gjere?


Marte som har både høgdeskrekk og flyskrekk syntes eg var den tøffaste av oss alle. ho sjølv derimot var overbevist om at ho kom til å dø, og høyrde derfor for siste gong på yndlingsmusikken sin imens ho filosoferte over livet.

Då vi endeleg kom fram, var det ikkje ein knekt ankel det fyrste vi ville sjå.

På venterommet fekk ein sjå forskjellige filmar av andre folk som hadde hoppa her, som f.eks Ashton Kutcher.

Når vi endeleg hadde fått registrert oss på eit fly, skulle vi få gjennomgang av korleis vi skulle sitte, fly osv. Men det såg ut som om dei ikkje tok det for alvorleg, med tanke på at tavla kun blei brukt tl krusedullar.

Blenda var den fyrste som fekk på seg utstyr, og ho såg relativ proff ut! Eg derimot fekk ei bukse og ein gigantisk gul fleecegensar, som gjorde at eg ligna på ein Teletubbie.

Tank eg har gjort ditta då? Det var ein heilt sinnssjuk følelse! Akkurat som om eg var i ein drøm. Og skyene smakte ganske så fantastisk, og ein blei våt og kald overalt!

Etter at alle hadde hoppa, var det superfreistande å gjere det igjen for halv pris, men så blei skyene skikkelig mørke og det begynte å regne. Så då får eg kanskje gjere det igjen ein annan gong?

Så kom vi tilbake til sentrum, alle like heile, og då var det klart vi skulle feire med å gå på pub/resturant!

Der hadde dei dagens spesial og fine lysekruner. Litt harry med diskokule, men det var fint der fordiom.

Blenda kjøpte øl og sjømatpizza som var kjempegod med laks, scampi og blåskjell på!

Heile dinna dagen var forresten på St. Patrick's day, og dervitørane hadde hattar på seg, og det var ekstra billig for øl.

Marte var alvorlig i ein diskusjon, som eg ikkje hugsar kva den gjekk ut på.

Og dette var starten på ein fantastisk kveld som inneholdt alt ifrå due livredding, advokat snakk, norsk musikk, ukulele spelera frå Thailand og nye naboar som var superhyggelige! Skål.

Obs! Skal prøve å få lagt ut animasjon/film frå sjølve hoppet mitt!


I went skydiving, and it was totaly amazing!

Ét ord

Hanne O N

21.mar.2011 kl.16:47

Oiiiii, eg er så sjuuuukt misunnleg!! Men ditta skal eg og gjere ein gong! :D Mest sannsynleg til hausten!! wweee!

Håpar du har det knall i Australia! Korleis er dagane der nede? Skuledagen og opplegget osv? :)

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten