Pastell, godteri og Starbucks.

Det var siste dagen i London, og det var berre ein ting ein kunne gjere; utnytte den til det fulle! Det betydde siste innspurt av shopping, pakking og sosiale aktivitetar:

Butikkane var tydelig prega av at våren nærma seg, og ein fant pastell skjorter overalt. Alle stoffa var lette, og ein kunne føle den herlige vårbrisen!

Så var det tid for lunsj, og eg var lei av å ta bilete av maten min. Difor fotograferte eg denne snedige fuglen i staden. Elska mønsteret i fjøyra!

Så var det sikkert veldig lurt å bruke nokre pund på denne fantastiske godteributikken. Eg måtte jo ha noko på flyturen, og om ein ikkje ville kjøpe noko, så var besøket i seg sjølv nok.





Dei hadde alt! Drops i alle slags smakar, og merkelig godteri i alle slags formar. Ein kunne óg kjøpe sjokolade med mini marshmellows på toppen, eller ein gigant Hello Kitty slikkepinne.


Eg kjøpte yndlingssmakane mine når det kjem til godteri. Vannmellon bitar, eple toppar og fersken ringar. Namnamnam!

Så måtte ein jo ha det obligatoriske besøket; Starbucks. Ikkje pga kaffien, men frappuccinoen.



Bileta snakkar for seg, og atmosfæren var heilt lik som den pleier å vere. Sofaane var opptatt, og der satt minst ein person med bærbar pc. Tomme koppar og krus stod på borda, og alle hadde det hyggeleg i varmen.

Katarina hadde kakao og cookie.


Imens eg drakk min vanlige; Chocolate frappucciono with whipped cream on top!

Vi brukte så den siste tida på å sjå på folk på gata, for å påpeike markante trekk. Vi såg mannfolk med Curelle deVille hår, eller gutar med ballerina hårknute. Så lo vi litt, og planla at vi virkelig måtte ha det slik igjen. Nyttår tenker eg, påske tenker ho.

Ellers gjekk togturen til flyturen smertefritt, om ein ser vekk i frå bota eg fekk pga at eg reiste med ugyldig billett. Men det gjorde ingenting, for overvekta var gratis og flyet var i rute. Det viste seg faktisk at det er lettare å komme heim enn til andre stadar. Men det hindrar ikkje meg.

- Er de forresten interessert i ein mini-London guide? Har vore ein del i London og kan "systemet" etterkvart. Gjerne kom med forslag for kva de vil ha med! Alt frå den kollektive transporten, til dei beste stadane å handle!


My last day in London. I used it pretty well, and spent it doing stuff that you simply have to do!

4 ord

Åå, herlige London. Dit vil jeg og! Så utrolig koselig ut :)

Silje Heimdahl

11.02.2012 kl.14:45

elsker chocolate frappucciono fra starbucks!! :)

MARITA GUNDERSEN

11.02.2012 kl.17:31

Pastell farger er så flotte :)

Åh, for en godteributikk :O

Eirin Victoria

13.02.2012 kl.17:15

MARITA GUNDERSEN: Godtebutikken var fantastisk! Eg blei heilt forelska, og kunne sikkert gått der kvar dag! Skal iallefall innom igjen neste gong eg skal tilbake! :)

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten