All those silly buys.

Då eg var i London, måtte eg sjølvsagt innom Urban Outfitters. Men denne gongen var det ikkje eit einaste klesplass som blei med meg ut derifrå! Derimot kjøpte eg masse nips og naps som eg synest er uunnværlige, og eg kunne rett og slett ikkje gå der ifrå utan!


Miniatyr kanin-lampe. Denne skal eg elske til eg får ei i full storleik. Og når det skjer, så skal dei vere ein finfin familie. Himla tacky, himla fint!

Hallo. Kven vil vel ikkje ha eit kvitt gjøkeur i plast? Eg har eigentleg leita etter eit litt større i knall rosa, men dette er fint i mellomtida! Alt ein kan få får åtti kroner!


Åh! Denne boka får meg til å sette spørsmål ved menneskeheita, men samtidig smile frå øyre til øyre over kreativiteten som ligg bak svara! Den er fyllt med spørsmål i ulike kategoriar, med dei dummaste/luraste svara du kunne tenke deg!


Denne måtte eg nesten ha eine og aleine fordi det var ein hjort på framsida. Men innsida var óg himla bra! All slags rare tankar og idear frå A til Z. Kreative ideear om f.eks hender eller kjensidar. Denne skal lesast frå perm til perm, og nyttast i ulike sammenhengar framover!

i tillegg kjøpte eg retro popcorn-beger i plast, så dei kan nyttast om og om igjen! Og for ikkje å snakke om lommelerka med lilla fløyel. Hurra for små gleder!


My silly but necessary buys at Urban Outfitters. Love them!

2 ord

trineisaksen

16.feb.2012 kl.23:50

Så mye tøft du har kjøpt deg! ^^,

MARITA GUNDERSEN

17.feb.2012 kl.16:23

Så mange stilige ting :-))

God helg, Eirin ;)

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten