Søte fastelavn-bollar.

Det er fastelavn, og då må ein sjølvsagt bake litt! Ifjor gjorde eg ikkje dette, då kjøkkenet i Australia var lite motiverande. Sukk. Men i år, då skal det bli fastelavn for alle pengane! Hurra! Perfekt søndagskos som gjerne kan nytast med ein film.

INGREDIENSAR:
100 g smør, romtemperert
ca. 575 g kveitemjøl
90 g sukker
½ ts bakepulver
¼ ts salt
½ ts kardemomme
1 pk gjær for søte deiga, fersk eller tørr
3 ½ dl melk, 37 grader
1 egg til pensling

3 dl kremfløte
1 ts sukker
2 dl godt syltetøy
litt melis

FRAMGONGSMÅTE:
Smuldre saman smøret og mesteparten av kveitejølet, anten for hand eller i en food processor. La litt av mjølet vere igjen for tilpassing av deigen etterpå. Ha i sukker, bakepulver, salt, kardemomme og tørrgjær, om du brukar det. Ferskgjær smuldrer du opp og rører ut i melken fyrst. Tilsett melka i ein stråle mens miksaren går på middels hastighet. Elt deigen saman til den blir blank og glatt.

Legg eit kjøkkenklede over bakebollen og la deigen heve på ein lun og varm stad til den har blitt dobbel så stor. Det tar omlag 45 minutt. I mellomtida legg du bakepapir på eit steikebrett.

Dryss litt kveitemjøl på bakebordet og kvelv deigen over. Del deigen opp i ca 20 like store dela. Rull kver deigklump ut til ein bolle og sett den over på steikebrettet.

Legg kjøkkenkledet over bollene og la dei etterheve i ca. 30 minutt. Sett steikeomnen på 225 grader. Visp saman egget og pensle bollane før du sett dei inn på nest nederste rille i stekeovnen. Steikast i 12-14 minutt, til dei er fint brune på oversida. Sjekk undersida av bollene for å sjå om dei er gjennomsteikte. Legg bollane over på ei bakerist til avkjøling.

Pisk ein lett krem. Del bollane, fordel så kremen og syltetøyet i desse. Dryss over med litt melis. Nam!





Today it's time to eat creamy sweet buns! This is my recipe.

3 ord

MARITA GUNDERSEN

19.feb.2012 kl.20:58

De så farlig gode ut. Våres var veldig gode og;)

sv: Takk for fine ord, Eirin;)

therese kristina

19.feb.2012 kl.22:34

Nammii :)

astudentway.com

20.feb.2012 kl.13:27

Mmm :) Det så utrolig digg ut!! Ha en finfin start på uken!

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten