Når du er vekke.

Av og til er det heilt ok å vere litt åleine. Iallefall om ein ikkje har vore det på ei stund, og treng å puste. Men samtidig er det óg greit å ikkje vere åleine, spesielt når tankane tar overhand og du er super stressa for alt.

Forrige helg var eg åleine, og det var andre gongen eg var åleine i leiligheta ei heil helg. Fyrste gongen var rett før eg reiste til London, og eg syntes sund på meg sjølv der eg låg med bihulebetennelse og ikkje orka å lage middag ein gong. Då er det ok å ikkje vere åleine.


Når du er vekke:
- søv eg ekstra lenge, så blir dagane litt kortare
- er eg ekstra lenge oppe fordi du ikkje ber meg om å komme å legge meg
- syng eg ekstra høgt i dusjen
- er eg urasjonell og bestiller turar til London
- legg eg meg fullt påkledd, for då slepp eg kjenne at den nakne kroppen din ikkje er der



- skulle eg ynskje eg hadde ein katt som kosa med meg, ubetinga
- skulle eg ynskje eg hadde eit kjeledyr i det heile
- står kaninlampa på, heile døgnet
- er Jamie Oliver reserve kjerasten min, i bok og tv-form
- søv eg med vindauget igjen, så det ikkje skal vere så kaldt



- kan eg dobbeltdippe chipsen utan å få stygge blikk
- lagar eg meg sushi, for då får eg så himla mykje!
- går eg i pysjen heilt til eg må ta på meg uniform for å gå på jobb
- tar eg på meg leppestift og grisar til glas
- kan eg sjå på Sex og Singelliv heile døgnet utan at du himlar med augene og vil sjå Top Gear i staden



- hatar eg å komme heim på kvelden fordi senga er kald og tom
- får eg lyst å grine når eg skal lukeparkere
- et eg litt meir sjokolade enn vanleg
- ser eg filmar som du ikkje ser noko meining i
- les eg magasin i hytt og pine
- står radioen på slik at eg får lyd i leiligheta

.0219

- et eg frukost tre timar etter at eg sto opp
- dusjar eg når klokka er fire om morgonen
- planlegg eg heile framtida
- draumer meg vekk i nettshopping
- pyntar eg meg, om eg ikkje skal på jobb



- saknar eg deg heilt til månen og tilbake
- fungerar eg ikkje som meg sjølv
- stoppar dagane litt opp
- ringer eg deg kun for å høyre smilet ditt
- elskar eg oss litt ekstra mykje


A list of what I do when my bf is gone for the weekend.

3 ord

therese kristina

02.mar.2012 kl.16:57

Åh, nydelig Eirin!

Regine

03.mar.2012 kl.17:11

Å, så herlig post <3

..og så eg kjenner meg igjen i så mykje av det du skriv og korleis eg er når min kjære er vekke.

MARITA GUNDERSEN

04.mar.2012 kl.14:49

Åh, nå ble jeg veldig glad for nå ser jeg hvor godt det er å være sammen med noen og hvor mye du elsker kjæresten din. Så mange fine punkter og så mange jeg kjenner meg igjen i. Jeg pleier ofte å ha på tven eller radion bare for å ha lyd i leiligheten når jeg er alene :-)

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten