Godteri, galaksar og systre.

Eg var endeleg heime på vinterferie, og det var jammen på tide! No var det nesten to månendar sidan eg var heime sist, og eg kjende eg lengta etter familien, naturen og den ekstremt mjuke senga mi. Det blei dog ei kort veke, men til bygda å vere var den ganske innhaldsrik:


Det var endeleg litt vår i lufta, og eg vart vekt av sola om morgonen! Utruleg herleg ift å våkne av at rommet er kaldt, og ein høyrer det pøsar ned ute.

Yndlingane mine fekk ligge på utstilling med vinter bringebær-hage i bakgrunnen. Då visste eg nøyaktig kor dei var, og slapp å rote gjennom heile rommet. Noko eg vanlegvis gjer. Ofte.

Ein blondetopp og ubrukte sko fylde og rommet. Det er litt synd at eg ikkje har så himla mykje hylleplass i Bergen, og difor står det igjen sikkert ti par sko eg gjerne ville hatt med meg. Kanskje eg skal bytte litt om neste gong eg skal heim?

Til tross for at eg berre hadde vore heime i ein dag, var golvet allereie rotete. Men til mitt forsvar var det berre ein dunge med klede eg skulle ha på meg.

Resultatet frå dungen på biletet ovanfor. I tillegg til boots som vanleg. Det skulle vise seg å vere lurt, for når eg kom ut pøsa det ned likavel.

Så då lata eg som om det var sommar, og åt ein frisk bringebær/blåbær saft-is. Anbefalast!

Så for eg til Stryn, men var ikkje lenge der før vi fann ut at det var på tide med ein shopping-tur til Ålesund. Kun vi jentene.

Sei hei til syste nr 1. som er blitt utrulige fjorten år, og sikkert to hovud høgare enn meg.
Vel framme i Ålesund blei det mykje trakking i butikkar, og vi trenkte energi i form av sukker. Sjekk denne butikken då!

Eg blei iallefall superglad for at dei hadde yndlingssmågodtet mitt her óg! Eple-ringar, søte epler og vassmelon bitar. Endå beire var det at prisen kun var ni,nitti per hekto! Himmel.

Og om ein helde ville ha ein slikkepinne forma som vassmelon, så kunne ein jo kjøpe det. Skikkeleg sommarkjensle!

Sei hei til syste nr 2. Ein liten skurk also, og er ganske lik systra si som interesserar seg for foto. Her i form av Instax bilete. Søtt.

Etter nokon dagar slutta det å regne, og våren kom fram. Perfekt måte å avslutte vinterferien på. Solstrålar inn vindauget.

Sei hei til katten Anna. Ho er gammal, himla stor, og slevar når ho kosar seg! Mykje!

Så var det tilbake på garden igjen for å pakke før eg for tilbake til Bergen. Det måtte sjølvsagt illustrerast med lysekruna i stova. (Herlighet Eirin).

Og det siste antrekket for reisa. Behageleg topp frå Topshop og heimelaga gensar!


Some pictures from my winter vacation. It's been filled with sisters, clothes and candy.

7 ord

Selma W. Sørensen - Foto

07.mar.2012 kl.12:01

Herlige bilder :)

theresekristina

07.mar.2012 kl.12:23

Fin ferie!

MARITA GUNDERSEN

07.mar.2012 kl.17:44

For en fin ferie, Eirin :-)

For en godteributikk :O

Regine

08.mar.2012 kl.12:08

Så fin oppsummering fra ferien din, det ser ut som det har vært heilt topp. Kjempefine bilder, og så nydelige søstre du har!! Elsk på smykket ditt, skoa og toppen, ja det meste - i love your taste <3

Godteributikken!!!!! Dit må eg !!! *sukker-junkie deluxxe og avhengig av smågodt*

SV: Å, takk for så fine ord Eirin <3

Tusen takk for så oppløftende og fine ord, setter stor pris på det!!

Frida

09.mar.2012 kl.11:10

Så fine bilder av det som må ha vore ei super veka!!! Kult antrekk ;)

15.mar.2012 kl.23:32

Berre digga at du skriv på nynorsk :)

Eirin Victoria

17.mar.2012 kl.00:09

Anonym: Det er jo klart eg må gjere!

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten