A little prince.


Til tross for uendeleg venting, og mykje fram og tilbake, kom endeleg den lille prinsen til verda sekstande mars, totusenogtolv. Og det er vel ikkje noko betre måte å starte livet på, enn eit heimelaga kort frå supertanta (yeah, that's me!) Eg lo godt og sa han kom til å bli hipster når han blei stor (galaksar, galaksar, galaksar), og pappaen sa at "dét, dét skulle ein ikkje ha noko av"!

Dagen skulle dog sjølvsagt feirast, og eg brukte heile laurdagen på å springe Bergen rundt for å handle blomster og ballongar. Å'så klisjé, men å'så viktig!

Verda kan hittill vere ein småskummel plass, men alt ordnar seg om ein kan halde fingeren til bestemor. Snakk om eit grep den vesle karen hadde, og ein smelta invendig av dei bittesmå fingrane.

For ikkje å snakke om den himla søte nasa, som ein berre vil stryke i fleire timar!

Endå fleire gåver i form av bukettar og bamsar, og kosar og klemmar! Den neste generasjonen måtte feirast med eit brak.

Som tante har eg allereie merka eg kjem til å vere strengt overbeskyttande (óg kul), mada gutane sto og slo av nokre småspøkar. Ingen skal få spøke med Matheo. Knis.

Og så o'a og ii'a vi endå litt meir over dei bittesmå føtene. Sukk.


My nephew! From now on I'm going to iii and ooo everytime I see this cute little prince.

4 ord

Hanne

20.mar.2012 kl.18:58

Åh, så skjønn! Gratulerer så mykje som tante :D

MARITA GUNDERSEN

20.mar.2012 kl.23:24

Herlighet for en nydelig gutt. Gratulerer så mye som tante, Eirin :-) Det er så stas å være tante :-)

Frida

21.mar.2012 kl.23:17

ÅÅÅ..så fantastisk nydeleg!!! Gratulera som tante ;)

Eirin Victoria

21.mar.2012 kl.23:36

Tusen takk alle saman! Eg gler meg så sjukt framover, for alt eg skal oppleve og få vere med på ift til livet hans. Hurra! :D

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten