Det er under press diameter blir til.





Det er inga hemmelig sak at siste innspurt på skulen kan, og er ganske krevjande. Men når det atpåtil kjem uventa "konflikter" som eg absolutt ikkje har rekna med, føler eg at eg like gjerne kan gje opp. Berre legge meg under dyna til sommaren er over, og problemet er uvesentlig. Men uansett kvar eg snur meg, så dukkar det opp eit eller anna problem. Og så menneskleg som eg er, taklar eg ikkje desse når dei hopar seg opp til store klumpar i magen. Det er snakk om pengar, skule-problem, prøver, jobb og endå meir pengar. Kvifor skal alt vere så innmari teit?! (Eg er sjukt lei akkurat no, deretter ordforrådet)

Det er ikkje fyrste gongen ting ikkje går som eg vil/håper, så eg kjem meg vel gjennom det. Men eg synest eg kunne fått litt medvind:

Logikken: "Du vant ein Mac, Eirin?"
Meg: "Det hjelper meg svært lite når eg ikkje kjem meg på jobb heile sommaren pga mangel på bil!"
Logikken: "Kva med å selge Macen, og kjøpe ein bil?"
Meg: "Er du gal?! Då går eg i staden."
Logikken: "Då er det egentlig ikkje synd på deg."
Meg: "Men det er jo det! Det er jo ikkje min feil."
Logikken: "Sant nok, men det løyser ingenting."

Sukk. Snakkast til helga når eg får senka skuldrane, og kan byrje å tenke litt meir rasjonellt enn; alt er teit.


Just some weeee'depressing thoughts. I'll see you in the weekend.

3 ord

theresekristina

10.05.2012 kl.21:17

Æsj, kjenne følelsen.. Håpe berre ting ordna seg!

Katarina

11.05.2012 kl.04:33

Alt ordnar seg naar du kjem til meg! :)

Jannicke

11.05.2012 kl.07:17

Føler med deg :)

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten