Svar på spørsmålsrunde:

Eg lovte dykk svar på spørsmålsrunda frå då eg var i London! Eg veit eg er supertreig (det er berre slik eg er), men her kjem den! Eg er jo óg ukas blogg hos Blogg.no, så då kan óg de nye lesera få eit betre innblikk i kven eg er!

BLOGGING:
- Kor lenge har du blogga?
Eg har tydeligvis blogga i all evighet; dvs frå september 2008. Eg merker at eg (og bloggen) har blitt forandra ein heil del sidan då. De kan f.eks lese fyrste innlegget her.

- Kva bloggera ser du opp til?
Det finnes utrulig mange ulike typer bloggera! For min del ser eg opp til dei som er sterke og tørr å stå på litt! Elise som har utretta så sjukt mykje dei siste åra (personleg) gjer at eg tenker; det er fortsatt håp! Julie som tørr å vere seg sjølv hundre prosent, og Mariell som gjer akkurat det ho vil, men samtidig gjer det ho ikkje vil óg! Men det er ikkje snakk om å sjå opp til dei fordi eg vil vere som dei, men fordi dei er fine rollemodellar!

.2014

- Kva bloggar les du?
Eg har ei bokmerke-liste på omalg sekstito bloggar som eg prøver å pløye gjennom på ein dag (det skjer aldri). Nokon kan eg adressa på utanatt, andre ikkje.

- Kvar hentar du inspirasjon?
Eg hentar inspirasjon frå andre bloggera, frå nokre magasin, samt fine univers som Tumblr. Ellers har eg i det siste vorte heilt frelst av Lyst og Pinterest!

- Er det berre norske bloggar du les?
Norske, Svenske, Franske, Spanske, Italienske.

REISING:
- Kvar har du reist det siste året, og dine yndlingsstadar?
Som de har fått med dykk har eg reist ein del til London iallefall! I tillegg var eg i Roma forrige sommar, samt Bangkok og Sydney! Når det kjem til yndlingsstadar, så har alle byane ulike ting å by på, og det kjem heilt an på kva du er ute etter! Eg synest igrunn heile verda er min yndlingsstad, og eg kan nesten ikkje vente med å få utforske den meir!

000019

- Korleis var det å bu i Australia?
Heilt fantastisk, rett og slett! Eg vil nesten gjere kva som helst for å få moglegheita til å reise tilbake! Det landet har så utrulig mykje å by på, og eg fekk ikkje opplevd ein brøkdel!

- Kor ofte reiser du til London?
Så ofte som mogleg! London-feberen starta allereie i 2. klasse på vgs. og eg har ikkje tellinga lengre på kor mange gongar eg har vore der!

- Kva er det beste med London? Favoritt spisestad der osv?
Det høyres så klisjé ut, men det beste med London er alt! Når det kjem til favoritt spisestad, så har eg ingen spesiell. Eg har nemleg ikkje opphaldt meg på samme staden kvar gong, og har difor berre bytta tilfeldig! I tillegg har eg vore svært likegyldig kor eg har ete, så lenge eg har fått i meg mat! Det tar på å shoppe og feste om kverandre! Men dette kan eg skrive meir om i London-guiden som kjem snart!

Untitled

- Reiser du ofte?
Så ofte som mogleg! Fyrste gongen eg reiste utanlands var eg tre år (blei fire der nede), og skulle til Albania og besøke pappa (han er ikkje albansk, men jobba der og i Italia ein periode). Det beste med turen er at eg faktisk hugsar alt! Det var opplevelsar utan like, og for ein tre/fire åring er dette magisk! Eg trur eg blei bitt av basillen, og har oppsøkt nye kulturar og stadar sidan.

- Kva stadar vil du annbefale for sol, og storby?
Når det kjem til stadar ein reiser til, ens ærend for sol, så har eg ikkje så mykje å komme med! Eg fekk igrunn nok av desse stadane då eg budde på Gran Canaria i to år, og eg samanliknar desverre slike stadar med rølpe-fylla og harry turistar! (Har nemleg ikkje opplevd noko anna). MEN! Dersom de vil ha både strandliv og storby, så annbefalar eg Roma på det varmaste! Det er svært få som tenker på Roma som ein strandby, men dersom de tar toget ca tjue-tretti minutt ut til kysten, så finn du strandpromenadar på strandpromenadar! Det er utrulig deilig å ha friheta til å veksle mellom det sjølve byen har å tilby, og den fantastiske kysten! Min store feriedraum er road-trip i Italia på langs!

- Har du vore andre stadar enn Europa? (Utenom Australia)
Eg var innom Bangkok (Thailand) ein svipptur på veg heim frå Australia. Marte og eg ombooka billettane våre, og hadde to-tre dagar i Thailand. Fekk desverre ikkje opplevd så mykje som vi ville (men eg fekk kosa med to tigera og ein hjort), og eg skal definitivt tilbake! Ellers har eg reist ein del i Europa då eg var på interrail i 2010!

beautiful birdcages

SHOPPING:
- Dine beste kjøp i London? 
Det er så himla mykje! Men eg trur nesten eg må sei alle dei rare interiør-tinga kjøpt her og der, og for ikkje å snakke om YSL ringen min! I tillegg fann eg ein fantastisk vintage-butikk sist eg var der, og eg fekk med meg heim ei herleg skinnveske! Vil de sjå?

- Kvar har du kjøpt dine extantions? Håret ditt er så langt og fint!
Haha! Du er no litt søt. Eg har ikkje extantions i det heile! Håret mitt er berre langt og tjukt av natur! Men no er det desverre for langt, så eg vurderer å klippe meg Einaste ulempen med langt hår er det å tørre og gjere store endringar (fordi dei blir så enormt store), og håret mitt er eg svært kresen på!

Untitled

- Kan du vise oss alle skoa og veskene dine?
Det kan eg sjølvsagt gjere! Ein annan dag?

- Shoppar du ofte?
For ofte, og ikkje ofte nok.

- Skal du shoppe? (i London)
Ein kan ikkje reise til London og ikkje shoppe.

- Samler du på noko spesiellt?
Sukk. Sko, vesker, tilbehør. Det siste året har eg byrja å innsjå at eg skal satse meir på kvalitet framfor kvantitet, men det er litt vanskelig å berre skifte om på forbruken! I tillegg samlar eg på minner, kamera, opplevelsar og stempel i passet.

PRIVATLIV: 
- Kva jobbar du med?
Eg jobbar som flyreinhaldar. Dvs, eg vaskar og klarerar fly om natta, slik at dei er reine og fine til dykk dødlige dagen etter. Det er like uglamorøst som det høyres ut som, men det betalar godt, og arbeidstidene om kvelden/natta passar meg utmerka.

Untitled

- Kva er glede for deg?
Glede er mykje! Både kortvarig og langvarig! Glede kan vere å finne yndlingssnopet sitt som ein ikkje har ete på fem år, impulsive eventyr, negelakk som er lagt perfekt, seine/lange morgonar eller tullette kattungar. Eg blir óg svært glad over materialistiske ting (fy, Eirin). Eg trur glede er å ta vare på dei små augeblikka som ikkje betyr så mykje, men fortsatt er himla viktige!

- Kva gjer du på fritida?
På fritida likar eg å gjere akkurat det som fell meg inn! I det siste har eg vore ein ordentlig sløving og for det meste sett seriar. Ellers Prøver eg å vere så sosial som råd, bloggar, samlar minner, draumer med vekk, lagar mat osvosv. Eg vil og byrje å danse igjen! I tillegg skulle eg ynskje eg kunne gått på akvarium kvar einaste dag.

bed

- Kan du skrive litt om kjærasten din?

Kjærasten min heiter Bent er like gammal som meg, og kjem frå samme stad som meg. Han er det eg vil definere som ein mann, og var ofte møkkete (olje) på henda då eg fyrste gongen møtte han. Han er alt eg treng og alt eg vil ha, og heldigvis så er han sambuaren min óg! Han forstår meg ofte på ein betre måte enn eg forstår meg, og omvendt! Elles er han ein reser på å lage kvit-saus, få meg til å smile, og til å akseptere meg for den eg er.

- Korleis møttes du og din fine?
Det er faktisk ei himla lang og morosam historie! Eigentleg har vi gått rundt kverandre i mange år, utan å gje kverandre noko merksamd i det heile! Vi har visst konfirmert oss ilag, vore på dei samme festane osvosv. Men eg snakka med han for fyrste gongen i oktober 2009, og då sa eg; sjå eg har ikkje bukser på! Det skal seiast at eg hadde på meg kjole, men eg fekk oppmerksomheta! Andre gongen vi møttast, satte eg meg berre inn i bilen hass og sa; hei, eg skal sitte på med deg! Og etter det var vi med kvarandra meir og meir! De kan f.eks lese om korleis vi blei ilag her

Untitled

- Kor lenge har de vore ilag?
Vi har vore ilag sidan julafta totusenogni. Så då blir det to og eit halvt fine år!

- Korleis vil du beskrive at du var som fjortiss?
Huff. Svært emosjonell, og ein betrevitar utan like! Eg føler dog eg har hatt ulike typar fjortissperiodar, nokon verre enn andre, men det er vel slik livet er!


Some Q&A about my life. An almost exact translation can be found here!

9 ord

theresekristina

18.06.2012 kl.18:09

Elska svaret ditt på korleis Bent er. Dåkke to er fine!

Believe

18.06.2012 kl.18:21

Kul blogg

opendoor kommenter tilbake ?

18.06.2012 kl.18:32

kul blogg

bethaliceeimhjellen

18.06.2012 kl.19:36

Så heldig du er som nettopp har vore i London! :)

Eirin

18.06.2012 kl.19:40

Åh. Hver dag jeg leser bloggen din kjenner jeg at jeg faktisk savner deg litt, hehe. I mårra skal vi på statoilsamling, men jeg må si at etter flere turer med deg, blir ikke turen de samma uten Eirin og Eirin på tur;)

Klem

Pål Andreas F. Kolås

18.06.2012 kl.22:40

Vil berre sei at du har fortjent å bli ukas blogg. Masse spennande lesestoff og varierte innlegg. _P

Stine Emilie

19.06.2012 kl.01:28

woow, kult design og mange fine bilder!

Du fortjener virkelig tittelen "Ukens blogg" :)

Hva synes du om min blogg? legg gjerne igjen en kommentar på et av mine innlegg !

Ha en fortsatt fin sommer :)

MARITA GUNDERSEN

19.06.2012 kl.09:08

Så mange gode svar, Eirin ;)

JEG må si jeg gleder meg dødsmye til Londonturen nå. Bare 22 timer igjen :-D

Men visste ikke at du hadde bodd i Australia. Jeg har ei venninne som flytter ditt for ett år nå til søndagen. Jeg gruer meg til å ikke se henne på 1 år, men misunner henne året i Australia også. Tror hun kommer til å få det kjempefint :-)

Sv:TUSEN TUSEN TAKK for mange flotte tips. Jeg har notert noe ned, så jeg får sjekket ting ut. NOTE: Ikke spis på steder med plastikk bord og stoler ;) hehe

Victoria Kristiansen

19.06.2012 kl.12:21

Så koselig det du skrev om samboeren din! :) Du har veldig fin blogg også :)

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten