eBay-guide for dummies.

Etter at eg posta dette innlegget, fikk eg inntrykk av at det er fleire av dykk der ute som ikkje veit korleis ein skal leite seg fram til godsakene å eBay! Eg var slik sjølv før og kvar gong eg prøvde meg innpå vart eg frustrert og klikka meg ut igjen med ein gong! Men (u)heldigvis har dette endra seg, og eg er no ein eBay-addict! Så for å frelse dykk skal eg gje dykk ein liten guide for korleis ein går fram for å finne dei beste skattane, samt korleis ein handlar hos eBay.


1 // 2 // 3 // 4 // 5 // 6 // 7 // 8 // 9 // 10 // 11 // 12 

1. Bli medlem av eBay.
Allerfyrst må du ha ein eBay konto. Den lagar du lett ved å følge trinna, og gje dei den informasjonen som trengs. Registrerings-skjema finner du her. 

2. Opprett PayPal-konto.
Mange seljera på eBay forlanger betaling gjennom PayPal, og derfor bør/må du opprette ein konto hos dei. PayPal er ein heilt sikker betalingsmåte som er gratis å bruke! Registrerings-skjema finner du her. Følg stega og legg til den nødvendige informasjonen (obs: krever Visa/Mastercard etc.)

Det er gjerne her folk byrjar å bli forvirra, for det er no du skal leite etter dei gøymde skattane!

3. Søkjeord.
På eBay er det viktig å vere så nøye som mogleg i søkefeltet. Er det noko spesielt du leiter etter, vel søk bredt men nøyaktig! Ynskjer du f.eks. eit armbånd med piggar i sølv, søkjer du; spiked silver bracelet. Eller om du ynskjer ein vest i falsk pels, søkjer du; black faux fur vest. Det kan og vere lurt å søke på ulike ord som har samme betydning. Ofte kjem det opp forslag på tilsvarande søk, nedanfor søkefeltet.



4. Finn dei rimligaste tilboda.
Eg har aldri tolmodighet til å vere med på budrunder, så difor vel eg alltid Buy It Now, funksjonen. Då får eg som oftast opp heilt nye/ubrukte produkt. I tillegg vil eg har det så billig som mogleg, så difor vel eg at funna skal sorterast etter lavast kostnad + shipping.


5. Finn kopiar.
Det er ikkje lov å merke produkt som replica, kopi etc. Difor skjuler mange kopiar seg bak andre namn! Då eg fann denne gensaren søkte eg ikkje på Givenchy Replica, men Dog Head Sweat. Du finn f.eks Kenzo-kopiar ved å søke på Tiger Head Long Sleeve. Så då er det om å gjere og bruke søkeord som beskrivar det du vil ha, ikkje designeren.

6. Unngå mva. og toll:
Eg bestiller alltid ting som kostar under kr 200,- for då slepp ein både toll og mva. Om shippinga er svært lav, bestiller eg ofte det eg vil ha; ein ting om gongen! Men om du finn noko du virkelig vil ha, men som kostar over kr 200, må du rekne med å betale ca 120 kr i fortollings-avgift + 25% mva + ca 10,7% toll. Disse utgiftene vil komme når du hentar pakken din hos Posten. Sjølvsagt kan du vere så heldig at avsendaren ikkje har skreve kor mykje innholdet er verdt, men eg ville ikkje gambla på det. 

7. Sende til Noreg?
For å vere garantert at produktet du finn faktisk kan sendast til Noreg, er det best å handle hos eBay.no. Men ein kan like lett bruke den vanlige amerikanske eBay. Det står ofte skrevet nedanfor bestillingsknappen om seljaren sender Worldwide eller innanfor ein viss region. Les deg fram! 

8. Kjøpe no, eller legge i handlekorga?
Dersom du er usikker på om du virkelig vil ha produktet er det nokon seljerar/produkt som har funksjonen der du kan legge produktet i handlekorga, shoppe vidare og deretter bestemme seg etterpå om ein vil kjøpe eller "kaste". Det er dog ikkje alle som tilbyr det, og du vil då berre få valget om; Buy It now. Klikker du på den knappen kjem du til ei side der du oppgit adresse og korleis du vil betale. Om du har PayPal får du opp eit val om å gå vidare med PayPal. Trykker du deg vidare vert produktet betalt, og du kan velge å betale no eller seinare. Eg annbefaler å betale med ein gong, for då får du ofte positiv feedback! I tillegg er det lett å la betalingar gå i gløymeboka.

Så er det berre å vente på å få pakkane dalande ned i postkassa! Alltid kjekt med ein liten overraskelse, sjølv om det berre er eit armbånd til kr 5.

Håper denne mini-guiden var til hjelp, og om det er noko du lurer på så er det berre å spørre!


My mini-guide for how to shop at eBay, and how to find the best buys!

7 ord

Jannicke

17.12.2012 kl.20:28

Elsker ebay! Men det er irriterende når man handler på den amerikanske, har funnet mange skatter til en billig penge, og de ikke shipper til Norge :p

Regine

17.12.2012 kl.22:44

SÅ herlig og grundig post med gode forklaringer... eg er desverre komt godt inn i det eg og - huff.. heile tida ein pakke som dumper ned i postkassa, som i dag.. då fikk eg ei bok i posten fra ebay ;)

ebay <3

Frida

18.12.2012 kl.19:39

Super og veldig ryddig guide ;)

Sv; eg har mykje problem med wordpress-temaet eg har brukt og tester ut eit nytt...har ikkje fått på plass header og alt av kolonner enda ;) men takk for tilbakemelding!!

Birgitte M.

18.12.2012 kl.23:42

Flott guide ! Nå er jeg endelig 18 år, så nå skal det opprettes paypal-konto, hihi.

MARITA GUNDERSEN

19.12.2012 kl.21:23

Smart med en guide ;) Takk for at du deler ;)

Maria Helene

20.12.2012 kl.22:50

Ebay <3 finner så mye fint og spennende der!

camilla

21.12.2012 kl.02:21

Nr. 4 er bare såååå fin!! Åh.

Skriv en ny kommentar

//Eirin Victoria

//Variasjon

//Arkiv

hits Blogglisten